Ottar Kaldhol
norsk politikar
Ottar Kaldhol (fødd 30. september 1946 i Ulstein i Møre og Romsdal) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Han blei vald inn på Stortinget frå Møre og Romsdal i 1993. Han var vararepresentant i periodane 1989–1993, 1997–2001 og 2001–2005. I dei to siste periodane møtte han fast for Karita Bekkemellem 17.03.2000-30.09.2001 og 01.10.2001-19.10.2001 medan ho var statsråd.
Ottar Kaldhol | |
Fødd | 30. september 1946 (77 år) Ulstein |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Arbeidarpartiet |
Yrke | politikar |
Alle verv |
|
Regjering endre
- 18. september 1992–7. januar 1994 var han statssekretær i Fiskeridepartementet
Stortingskomitear endre
- 1993–1997 medlem i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomitéen
- 1997–2001 medlem i Finanskomitéen