Otto Hageberg
Otto Annkjell Hageberg (12. juli 1936–24. november 2014)[1] var professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Oslo, opphavleg frå Fitjar. Hageberg tok hovudfag med ei oppgåve om Tor Jonsson i 1965. Han arbeidde i hovudsak med nynorske forfattarar og nynorsk skriftkultur, mellom anna Tarjei Vesaas og Olav Duun. Han gav ut fleire bøker, den siste var Svidd sjel, ein biografi om Ragnvald Skrede.
Otto Hageberg | |||
Fødd | 12. juli 1936 Fitjar | ||
---|---|---|---|
Død | 24. november 2014 Oslo | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Område | litteraturvitskap | ||
Yrke | lingvist, professor, litteraturhistorikar, biograf, litteraturvitar, litterat, universitetslærar | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo | ||
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi |
Hageberg engasjerte seg òg på andre felt, mellom anna som grunnleggjaren av og den første leiaren i Foreldreforeninga for MBD-barn, det som i dag er kjend som ADHD Norge. Han var svigerfar til Helene Uri.
Verk
endre- Frå Camilla Collett til Dag Solstad: spenningsmønster i litterære tekstar. Det norske Samlaget, 1980.
- Olav Duun. Samlaget, 1995.
- Forboden kjærleik: spenningsmønster i Olav Duuns dikting. Det norske Samlaget, 2002.
- Svidd sjel. Samlaget, 2003.
Kjelder
endre- ↑ Andersen, Per Thomas og Bliksrud, Liv (27. november 2014). «Nekrolog». Aftenposten.no. Henta 28. november 2014.[daud lenkje]
Bakgrunnsstoff
endre- Otto Hageberg: Ein litterær misjonær på apollon.uio.no
- «Otto Hageberg» i Store norske leksikon, snl.no.