Ragnvald Skrede (27. april 190416. august 1983) var ein norsk forfattar, litteraturkritikar og omsetjar frå Vågå kommune.

Ragnvald Skrede
Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. april 1904
Vågå kommune
Død

16. august 1983 (79 år)

Yrke lingvist, journalist, skribent, litteraturkritikar, omsetjar, lyrikar
Språk norsk, nynorsk

Han arbeidde som lærar i Vågå frå 1924 til 1936. I åra etter krigen arbeidde Skrede som journalist og litteraturkritikar i hovudstadsavisene Dagbladet og Verdens Gang.

Diktarverk endre

Skrede var 45 år gammal då han byrja forfattarskapen sin i 1949. Han blei raskt ein respektert forfattar og litteraturkritikar. Som diktar brukte han ofte klassiske og regelfaste strofeformer, og forfattarskapet hans er prega av store idéhistoriske kunnskapar. Diktsamlingane hans fekk svært gode kritikar, og han slo gjennom og vart ein respektert lyrikar med ei gong. Han brukte ofte klassiske og regelfaste strofeformer i dikta og forfattarskapet hans er prega av store idéhistoriske kunnskapar.

Den dømde diktaren endre

Bak verket til Skrede låg ein personleg tragedie som ikkje ikkje var offentleg kjent i den tida han dreiv som forfattar og kritikar. I 1936 vart han dregen for retten og dømd for seksuelle overgrep mot tre av jentene han hadde vore lærar for.

Skredebiografane Egil Ulateig og Otto Hageberg har gått langt i å hevda at Skrede var uskuldig dømd. Dei meinte at bygdefolket var blitt skandaliserte av den svært offentlege skilsmissa og rettstvisten til foreldra hans 1890-åra, i tillegg til at broren Anders var dømd for mord. Vidare skal sambygdingane ha sett på Skrede som «radikal», mellom anna fordi han heldt seksualundervising.

Under rettssaka på Gjøvik prøvde Skrede sjølv å overtyda om uskylda si ved å skildra den hetsen han meinte han var blitt utsett for i bygdemiljøet. Også i samtida blei det sett på som oppsiktsvekkande at 25 sambygdingar leverte eit «protestskriv» mot den tiltalte med sterke nedsetjande utsegn om karakteren hans. På den andre sida blei forklaringane til dei fornærma sett på som svært truverdige.

Då Skrede debuterte som forfattar med ei bok om Tarjei Vesaas i 1947 og fekk gitt ut dei fyrste diktsamlingane sine i åra etter var det ingen som trekte fram at han var straffedømd, og han sa heller ikkje noko om det sjølv i offentlegheita. Saka vart ikkje ålment kjend att før Otto Hageberg og Egil Ulateig skreiv om henne i Skrede-biografiane sine i 2003.

Prisar og utmerkingar endre

Diktsamlingar endre

Biografiar om Ragnvald Skrede endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre