Otto Robert Frisch

austerriksk fysikar

Otto Robert Frisch (1. oktober 190422. september 1979) var ein austerriksk-britisk fysikar. I samarbeid med Rudolf Peierls utforma han den første teoretiske mekanismen for å detonere ei atombombe i 1940.

Otto Robert Frisch

Biletet på ID-kortet til Otto Robert Frisch frå Los Alamos i krigsåra.
Fødd1. oktober 1904
Wien i Austerrike-Ungarn
Død22. september 1979 (74 år)
Cambridge i Storbritannia
NasjonalitetAusterriksk-britisk
Områdefysikk
Yrkefysikar, kjernefysiker, universitetslærar
InstitusjonarUniversity of London
University of Birmingham
Birkbeck, University of London
Universitetet i Hamburg
Københavns Universitet
Atomic Energy Research Establishment
Alma materUniversitetet i Wien
Kjend foratombomba
InfluerarRudolf Peierls
MedlemRoyal Society
Signatur

Frisch foreslo i 1938 saman med Otto Hahn nemninga fisjon på kjernespalting.

I 1930-åra studerte han i København, England og USA, og var under andre verdskrigen i England, og seinare i USA. Frå 1947 til 1971 var han professor ved University of Cambridge. I 1940 skreiv han saman med Rudolf Pierls eit skriv om høvet for å lage ei superbombe basert på kjedereaksjon i uran, og dei konkluderte med at dette var mogleg. Frå 1943 deltok han i Manhattan-prosjektet i Los Alamos med bygging av atombomba.

Han har mellom anna skrive Meet the Atoms (1947) og The Nature of Matter (1970).

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre