Ovanåkers kommun

kommune i Gävleborg len i Sverige

Ovanåkers kommun er ein kommune i Gävleborgs län i Sverige. I Gävleborgs län grensar kommunen til Ljusdals kommun i nord og Bollnäs kommun i aust. Han grensar også til Falu kommun og Rättviks kommun i Dalarnas län i høvesvis sør og vest. Administrasjonssenteret i kommunen er Edsbyn. Dette ligg ved Voxnan, om lag 35 km vest for Bollnäs.

Ovanåkers kommun
kommune
Kommunevåpen
Land  Sverige
Len Gävleborgs län
Landskap Hälsingland
Del av Hälsingland, Q61663377, Q61663374
Centralort Edsbyn
Areal 1 994 km²
Folketal 11 985
Folketettleik 6,0 / km²
Kart
Ovanåkers kommun
61°23′00″N 15°49′00″E / 61.383333333333°N 15.816666666667°E / 61.383333333333; 15.816666666667
Wikimedia Commons: Ovanåker Municipality
Nettstad: www.ovanaker.se

Landskapet i kommunen er storkupert i nord, og det høgste punktet er Rökaklitt på 497 moh. Langs elva Voxnan er landskapet fruktbart. Næringslivet er dominert av verkstad- og trevareindustri, og ein finn i tillegg forlagsverksemd.

Administrativ historikk endre

Kommunane Ovanåker og Voxna vart ved kommunereforma i 1952 slegne saman til «storkommunen» Ovanåker. I 1977 vart Alfta, som frå 1974 til 1976 hadde høyrt til Bollnäs kommun, innlemma i Ovanåker.

Kommunen tilsvarar slik han er i dag Alfta socken i mellomalderen, der Ovanåker braut ut i 1639 og Voxna i 1759.

Kommunevåpenet endre

Blasonering: På raud bakgrunn, ein songsvane i sølv med nebb av gull over ein gullstraum, og oppe til venstre ei open krone, også denne i gull.[1]

Ovanåkers landskommun tok i 1956 i bruk eit våpen med ein svane som hadde ei krone rundt halsen. Våpenet vart aldri fastsett av kongen. Då den nye kommunen skulle registrere våpenet vart det sagt at det var upassande sidan det same motivet var i bruk i området Stormarn i Tyskland. Etter litt endring kunne våpenet registrerast i Patent- och registreringsverket i 1987.

Tettstader endre

Det er seks tettstader i Ovanåkers kommun.

Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.

Nr. Tettstad Folketal
1. Edsbyn 4 060
2. Alfta 2 185
3. Roteberg 391
4. Runemo 283
5. Viksjöfors 278
6. Ovanåker 227

Kjelder endre

Fotnote endre

  1. «I rött fält en sångsvan av silver med näbb av guld, simmande över en av vågskuror bildad sänkt bjälke och ovan till vänster åtföljd av en öppen krona, båda av guld».