Opna hovudmenyen

Ljusdals kommun

kommune i Gävleborg len i Sverige

Ljusdals kommun er ein kommune i Gävleborgs län i Sverige. Kommunen grensar til tre andre kommunar i Gävleborgs län. Desse er Hudiksvalls kommun i aust, Bollnäs kommun i søraust og Ovanåkers kommun i sør. Elles grensar han til Ånge kommun i Västernorrlands län i nord, Orsa kommun og Rättviks kommun i Dalarnas län i sør og Härjedalens kommun i Jämtlands län i vest. Administrasjonssenteret i kommunen er Ljusdal. Dette ligg 50 km vest for Hudiksvall.

Ljusdals kommun
kommune
Riotorg.JPG
Kommunevåpen
Land Flag of Sweden.svg Sverige
Len Gävleborgs län
Landskap Hälsingland
Centralort Ljusdal
Areal 5 294 km²
Folketal 19 592
Folketettleik 3 7 / km²
Ljusdal Municipality in Gävleborg County.png
Wikimedia Commons: Ljusdal Municipality
Nettstad: www.ljusdal.se

Landskapet i kommunen er kupert og ligg på det meste på 400–600 moh. Ein finn store område med skogkledde morener med innslag av myrmark. I dalføra er det ein del dyrka mark. Elva Ljusnan renn gjennom kommunen frå nordvest til søraust. Jord- og skogbruk dominerer, i tillegg til skogbruksindustri og mekanisk industri.

Administrativ historikkEndra

Ljusdals municipalsamhälle vart innlemma i Ljusdals kommun i 1889. I 1914 braut ein del av kommunen ut og vart Ljusdals köping, medan resten vart ein landskommune. Det vart ikkje gjort nokon samanslåingar under kommunereforma i 1952, men i 1963 vart Ljusdals landskommun og Ljusdals köping slegne saman att. 1. januar 1971 vart Ljusdals kommun oppretta, då köpingen vart slegen saman med landskommunane Färila, Los, Järvsö og Ramsjö.

KommunevåpenetEndra

Blasonering: På svart bakgrunn, eit bukkehovud i gull, med horn, tunge og tenner i raudt.[1]

Bukkehovudet representerer bukken i landskapsvåpenet til Hälsingland. Ljusdals köping tok i 1958 i bruk eit vapen som aldri vart fastsett av kongen. Det liknar på det noverande våpenet, men hadde ein bord av gull. Etter kommuneopprettinga i 1971 var det fem våpen å velje mellom. Den namngjevande eininga, Ljusdal, fekk også bidra med våpen til den nye kommunen. Våpenet vart endra gjennom att borden vart teken vekk, og det vart registrert i Patent- och registreringsverket i 1974.

TettstaderEndra

Det er åtte tettstader i Ljusdals kommun.

Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.

Nr. Tettstad Folketal
1. Ljusdal 6 100
2. Järvsö 1 385
3. Färila 1 351
4. Tallåsen 608
5. Nore 409
6. Los 403
7. Lillhaga 371
8. Hybo 262

KjelderEndra

FotnoteEndra

  1. «I svart fält ett avslitet bockhuvud av guld med horn, tunga och tänder röda».