Rättviks kommun
Rättviks kommun er ein kommune i Dalarnas län i Sverige. Kommunen grensar til fire andre kommunar i Dalarnas län. Desse er Falu kommun i søraust, Leksands kommun i sør, Mora kommun i sørvest og Orsa kommun i vest. I tillegg grensar han til to kommunar i Gävleborgs län, Ovanåkers kommun i aust og Ljusdals kommun i nord. Administrasjonssenteret i kommunen er Rättvik.
Rättviks kommun | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Len | Dalarnas län | ||
Landskap | Dalarna | ||
Del av | Dalarna, Q61606296, Q61606759 | ||
Centralort | Rättvik | ||
Areal | 2 149,09 km² | ||
• land | 1 932,02 km² | ||
• vatn | 217,07 km² | ||
Folketal | 10 883 | ||
Folketettleik | 6 / km² | ||
Rättviks kommun 60°53′00″N 15°08′00″E / 60.883333333333°N 15.133333333333°E | |||
Kart som viser Rättviks kommun.
| |||
Wikimedia Commons: Rättvik Municipality | |||
Nettstad: www.rattvik.se |
Rättvik er ein jord- og skogbrukskommune med eit kupert og skogkledd terreng. Ein finn treindustri i kommunen, i tillegg til at det er lange tradisjonar for kalkutvinning. Turisme er også ei viktig næring i kommunen.
Administrativ historikk
endreBoda landskommun braut 1. mai 1875 ut av Rättviks landskommun. I 1910 vart Rättviks municipalsamhälle oppretta. Ved kommunereforma i 1952 vart det ikkje gjort endringar i området, men i 1963 vart Boda sameina med Rättvik att og i 1966 vart municipalsamhället oppløyst. Rättviks kommun i si noverande form vart oppretta i 1974, då Ore vart innlemma.
Kommunevåpenet
endreBlasonering: Firedelt skjold, felt 1 og 4 i raudt med ei ståande øks av gull, felt 2 og 3 i gull med to piler [i blått].[1]
Våpenet vart fastsett for Rättviks socken i 1948, bileta kjem frå eit soknsegl frå 1600-talet. Også landkommunane som gjekk inn i Rättviks kommun på byrjinga av 1970-talet hadde eigne heraldiske våpen. Det fanst dermed tre våpen etter kommunereforma på byrjinga av 1970-talet. Det var den namngjevande eininga sitt våpen som vart vald til kommunevåpen og registrert hjå Patent- och registreringsverket i 1979.
Tettstader
endreDet er seks tettstader i Rättviks kommun.
Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.
Nr. | Tettstad | Folketal |
---|---|---|
1. | Rättvik | 4 588 |
2. | Vikarbyn | 1 208 |
3. | Boda | 576 |
4. | Furudal | 449 |
5. | Gulleråsen | 365 |
6. | Nedre Gärdsjö | 248 |
Kjelder
endre- Artikkelen var opphavleg basert på ei omsetjing av «Rättviks kommun» på Wikipedia på svensk.
- «Rättvik» på Store Norske Leksikon.
Fotnotar
endre- ↑ «Sköld kvadrerad: fält 1 och 4 i rött en stolpvis ställd bila av guld, fält 2 och 3 i guld två korslagda dalpilar.».