Padma-elva
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Padma.
Padma eller Pôdda er det bangladeshiske namnet på den største munningselva frå Ganges. Ho er grenseelv mellom India og Bangladesh, og ber namnet Padma (sanskrit for 'lotus') frå ho renn inn i Bangladesh til ho møter Meghna ved Chandpur.
Padma bengali পদ্মা, Pôdda | |||
elv | |||
Hardinge-brua framfor Lanon Shah-brua over Padma.
| |||
Land | Mal:Landdata Bangladesh, India | ||
---|---|---|---|
Lengd | 120 km | ||
Kjelde | Ganges (Himalaya) | ||
Munning | Meghna (Bengalbukta) | ||
Padma-elva 23°15′42″N 90°35′41″E / 23.261666666667°N 90.594722222222°E | |||
Wikimedia Commons: Padma River |
Padma renn inn i Bangladesh nær Shibganj i Chapai Nababganj-distriktet. Ganga/Padma dannar grensa mellom India og Bangladesh i rundt 15 mil før ho renn inn i Bangladesh nord i Kushtia-distriket. Ho renn hovudsakleg i søraustleg retning.
Mahananda er ei anna grenseelv som renn ut i Padma, medan Madhumati skil seg ut frå henne. Nær Arich møter Padma elva Jamuna (Djomona, eller Brahmaputra). Ho renn ut i Meghna ved Chandpur. Meghna munnar deretter ut i Bengalbukta.
Elva er kjend for stadige endringar i løpet, kraftig erosjon av elvebreiddene og oppbygging av sandbankar som kan skapa nytt, midlertidig land (tsjår). Padma er ei viktig transportåre og ei rik fiskekjelde. Storbyar som Rajshahi og Pabna ligg ved breidda av Padma.
Farakka-demningen i Vest-Bengal i India, som stod ferdig i 1975, førte til ein kraftig reduksjon i vassføringa.[1]
Hardinge-brua og Lalon Shah-brua over elva er rundt 1 800 meter lange. Den føreslåtte Padma-brua lengre nede i elva, som etter planen skulle stått ferdig i 2013, ville blitt den lengste brua i Bangladesh. Prosjektet fekk problem då Verdsbanken sa opp eit lån på 1,2 milliardar US-dollar på grunn av korrupsjonsanklager.
-
Kart over Bangladesh med elvar og byar avmerkt.
-
Kart over dei største elvene i Gangesdeltaet.
Kjelder
endre- Padma River, Encyclopædia Britannica (britannica.com)
- Denne artikkelen bygger på «Padma River» frå Wikipedia på engelsk, den 12. januar 2014.
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 7. september 2008, henta 12. januar 2014
Bakgrunnsstoff
endre- Masud Hasan Chowdhury, «Padma River», i Sirajul Islam, Banglapedia: National Encyclopedia of Bangladesh, Asiatic Society of Bangladesh, arkivert frå originalen 4. oktober 2013, henta 12. januar 2014