Tsjår
Tsjår (bengaliskrift চর, engelsk char) er eit bengalinamn for ei midlertidig landform som oppstår av sandbankar i elver, estuar, vatn og hav, typisk i form av øyar eller halvøyar. Ei rekkje slike øyar oppstår og blir erodert vekk i Gangesdeltaet i Bangladesh og den indiske delstaten Vest-Bengal.
Ei undersøking av Jamuna i Bangladesh viste at rundt 75 % av tsjårane der varte ved i ein periode på mellom eitt og ni år, medan rundt 10 % av tsjårane varte i meir enn 18 år. Undersøkinga fann også at i tida mellom 1973 og 2000 hadde 99 % av elvebreidda vore tsjår.
Tsjårar blir danna av sediment vatnet har ført med seg, og kan vera svært fruktbare. Dette, og den lokalde jordmangelen, gjer dei til bustads- og jordbruksdområde. Ofte kan det vera vanskeleg å slå fast eigarskapen til jorda. Tsjårane er gjerne ein slags ingenmannsland med lite statleg innverknad, og er ofte prega av lovløyse.
Dokumentarfilmen Char... The No-Man's Island (2012) av Sourav Sarangi skildrar livet til to gutar som bur på ein tsjår på grensa mellom India og Bangladesh etter at landsbyen deira er blitt vaska vekk av Ganga.
Kjelder
endre- In search of Allah, coping with food insecurity on a Char island in Bangladesh[daud lenkje], academia.edu
- «Char» Arkivert 2013-12-06 ved Wayback Machine. i Banglapedia (banglapedia.org)
- Char... The No-Man's Island. Originaltittel: ...Moddhikhane Char Arkivert 2014-01-12 ved Wayback Machine., filmfrasor.no
- CHAR… the No-Man’s Island (CHAR… the No-Man’s Island) Arkivert 2014-01-12 ved Wayback Machine., nfi.no
- Char - The Island Within (dokumentarfilm) Arkivert 2014-01-12 ved Wayback Machine., nfi.no
Bakgrunnsstoff
endre- «Char» i Banglapedia (banglapedia.org)