Pampaskatt

pattedyrart
Pampaskatt
Pampaskatt
Pampaskatt
Utbreiing og status
Status i verda: NT Nær truga
Utbreiinga av Pampaskatt
Utbreiinga av Pampaskatt
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Rovpattedyr Carnivora
Underorden: Feliformia
Familie: Kattefamilien Felidae
Underfamilie: Felinae
Slekt: Leopardus
Art: Pampaskatt L. colocolo
Vitskapleg namn
Leopardus colocolo

Pampaskatt, colocolo eller pantanalkatt (Leopardus colocolo) er eit kattedyr som tilhøyrer gruppa amerikanske fleka småkattar. Arten er endemisk for Sør-Amerika og har ulike namn etter dei ulike leveområda. Som dei andre artene i ozelotlinja har arten berre 18 kromosompar.[1] Det vanlegaste blant kattar er 19 kromosompar.

Skildring endre

 
Pampaskatt

Pampaskattar varierer mykje i farge, frå nesten svart til grå og gulaktig i grunnfargen. Kroppen blir kring 42–79 cm lang og halen, som alltid har 9 mørke ringar, cirka 22–33 cm. Skulderhøgda er kring 30–35 cm. Vaksne individ veg normalt cirka 3–4 kilo, men dei kan bli større. Katten er på storleik med ein huskatt og kan forvekslast med denne.[2] Populasjonane i Andesfjella står fram som så like fjellkatt at legfolk kan ha store problem med å skilja dei frå kvarandre. Haleringane er likevel mykje smalare (cirka 20 mm) og markeringsstrekane ved auga mindre framtredande hjå pampaskatten, som dessutan har lys nasebrusk. Hovudet er breitt og rundt, og katten har eit butt snuteparti. Øyro er breitt tilsette, og augo er amberfarga og ganske store. Lemmane er høvesvis korte og kraftige.

Pelsen varierer frå tjukk og mjuk i kalde strøk, til kort og stritt liggande i det varmare låglandet. Pelsen varierer dessutan mykje i både farging og markeringar, som i nokre tilfelle kan vera nesten fråverande. Flankane kan vera sølvgrå og ryggen mørkare grå, medan undersida er lysare og lemmane ofte rustraude til raud-oransje.

Arten er nattaktiv og livnærer seg hovudsakleg av gnagarar, særleg fjellviscacia (Lagidium viscacia), og fuglar.

Utbreiing endre

Pampaskatten er endemisk for Sør-Amerika og trivst i graskledd landskap, som han finn gjennom Andesfjella frå Ecuador (frå cirka 00° 30’ S) og sørover, på pampasen sør i Brasil og sør til Patagonia (til 51° S). Sjølv om arten har blitt registrert i høgder på meir enn 5000 moh.[3], er han meir typisk i lågare høgder enn det fjellkatten føretrekk. Likevel vil dissa kattane nokre stadar konkurrera om føda.

Nokre forskarar deler gjerne denne katten inn i tre distinkte populasjonar (som minst ein studie hevdar kan vera tre separate artar), men systematikken (sjå nedanfor) for arten er framleis rekna som uavklart i høve til populasjonar:[4]

  • Colocolo (L. c. colocolo) – i Chile og langs vestsida av Andesfjella
  • Pantanalkatt (L. c. braccatus) – i Brasil, Paraguay og Uruguay
  • Pampaskatt (L. c. pajeros) – frå Colombia til Sør-Chile, langs austsida av Andesfjella

Systematikk endre

Systematikken for denne arten har vore omstridd, men som fjellkatten er han no rekna inn i slekta Leopardus. Det er skildra fleire variantar, men det er usikkert om desse kan kallast underarter eller ikkje. Nokre forskarar deler arten inn i tre distinkte populasjonar, til dømes Johnson m. fl. (1999) og Garcia-Perea (1994), men inndelinga som såleis er ikkje lik.[5][4] Andre, til dømes Cossios og Angers (2007), hevdar at det finst seks distinkte populasjonar.[6] Førebels konkluderer likevel fleirtalet med at det må forskast meir på eventuelle subpopulasjonar før slike kan avklarast.

  • L. c. braccatus Brasil, nordre Argentina
  • L. c. budini, Argentina
  • L. c. colocolo, det sentrale Chile
  • L. c. crespoi, nordvestlige Chile
  • L. c. garieppi, Peru, Ecuador, Bolivia
  • L. c. munoai, Uruguay
  • L. c. pajeros, Argentina, Chile
  • L. c. thomasi, Ecuador

Kjelder endre

  1. Stephen J. O'Brien, Joan C. Menninger, William G. Nash. 2006-04-14. Atlas of Mammalian Chromosomes. John Wiley & Sons, 14. apr. 2006 - 544 sider. Besøkt 2015-12-21
  2. http://www.wildcatconservation.org/wild-cats/south-america/pampas-cat/
  3. Nowell, K. and Jackson, P. 1996. Wild Cats. Status Survey and Conservation Action Plan. IUCN/SSC Cat Specialist Group, Gland, Switzerland and Cambridge, UK.
  4. 4,0 4,1 Garcia-Perea, R. 1994. The pampas cat group (Genus Lynchailurus Severertzov 1858) (Carnivora: Felidae), A systematic and biogeographic review. American Museum Novitates 3096: 1-35.
  5. Johnson, W. E., Slattery, J. P., Eizirik, E., Kim, J. H., Raymond, M. M., Bonacic, C., Cambre, R., Crawshaw, P., Nunes, A., Seuanez, H. N., Moreira, M. A. M., Seymour, K. L., Simon, F., Swanson, W. and O'Brien, S. J. 1999. Disparate phylogeographic patterns of molecular genetic variation in four closely related South American small cat species. Molecular Ecology 8: S79-S94.
  6. Cossios, E. D. and Angers, B. 2007. Phylogeography and conservation of small cats from the high Andes. In: J. Hughes and R. Mercer (eds), Felid Biology and Conservation Conference 17-20 September: Abstracts, pp. 79. WildCRU, Oxford, UK.