Partita for fiolin No. 3 av Bach
Partita No. 3 i E-dur BWV 1006 av Johann Sebastian Bach for solofiolin som ein del av Sonatar og partitaer for fiolin, kring 1720.
BWV 1006 Partita av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Kammermusikk | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1720 | ||
Publiseringsdato | 1879 | ||
Typisk lengd | 17:51 | ||
Satsar/akter | 7 | ||
Toneart | E-dur | ||
Instrumentering | fiolin |
Denne partitaen er kanskje den mest livlege av dei tre i boka, og sjølv om stykket ikkje akkurat er enkelt for fiolinistar, er det lettare enn chaconnen i Partita for fiolin No. 2.[1]
Stykket består av følgjande satsar:
Stykket tar om lag 20 minutt å framføre.
Dei mest vanlege innspelingar er vanlegvis av preludiet. Preludiet krev avansert bogeteknikk, og fører eit raskt tempo, allegro, og består nesten berre av sekstandedelsnotar. Preludiet vart òg transkribert av Bach for solo orgel, oboar, trompetar og strykarar i sinfonia som opnar Wir danken dir, Gott, wir danken dir, BWV 29, i D-dur.
«Gavotte en Rondeau» er kjend for å vere inkludert på Voyager Golden Record og vert ofte høyrt på TV eller radio.
|
||||
Problem med å høyra denne fila? Sjå mediahjelp. |
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Partita for Violin No. 3 (Bach)» frå Wikipedia på engelsk, den 26. april 2010.
Referansar
endre- ↑ Blair Johnston. «Partita for solo violin No. 3 in E major, BWV 1006». Allmusic. Henta 26. april 2010.