Wir danken dir, Gott, wir danken dir

Wir danken dir, Gott, wir danken dir, BWV 29, er ein kantate av Johann Sebastian Bach.

Wir danken dir, Gott, wir danken dir
BWV 29
Kantate av Johann Sebastian Bach
SjangerKoral
PeriodeBarokken
Komponert1731
Urframføring27. august 1731
Publiseringsdato1855
Typisk lengd23:04
Satsar/akter8

Stykket vart skriven for valet av eit nytt byråd (Ratswahl) i Leipzig i 1731 (kantatane Preise, Jerusalem, den Herrn, BWV 119 og Gott, man lobet dich in der Stille, BWV 120 vart skrivne for liknande hendingar). Han vart først framført den 27. august dette året.

Instrumenteringa syner at det er ei festleg hending han vart skriven for: sopran-, alt-, tenor- og bass-solistar, firedelt kor, soloorgel og eit orkester av to oboar, tre trompetar, pauke, fiolinar, bratsjar og basso continuo.

Stykket er i åtte satsar:

  1. Sinfonia - eit arrangement av Bachs preludium i E-dur, Partita for solofiolin. Eit soloorgel spelar den opphavlege fiolindelen, medan orkesteret akkompagnerer.
  2. «Wir danken dir, Gott, wir danken dir» - denne vart seinare tilpassa som Gratias og Dona nobis pacem i Bachs messe i H-moll. Teksten er frå Salme 75.
  3. «Halleluja, Stärk und Macht» - ein tenor da capo arie, akkompagner av ein solofiolin og continuo.
  4. «Gottlob! es geht uns wohl!» - ein resitativ sungen av solobass.
  5. «Gedenk an uns mit deiner Liebe» - ein arie for sopran med rytmen siciliana, akkompagnert av obo, strykarar og continuo.
  6. «Vergiß es ferner nicht, mit deiner Hand» - ein resitativ sungen av altstemma med eit siste «Amen» frå koret.
  7. «Halleluja, Stärk und Macht» - ein reprise av den første delen av tenorarien, men no med solo-orgel i staden for fioling. Sungen av altstemma.
  8. «Sei Lob und Preis mit Ehren» - det femte verset av Johann Gramanns koral, «Nun lob, mein Seel, den Herren», spelt og sunge av heile ensemblet.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre