Passage av Carpenters
Passage Studioalbum av The Carpenters | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Oktober 1977 | |
Innspelt | 1977 | |
Sjanger | Pop, jazz, easy listening, adult contemporary, country | |
Lengd | 39:09 | |
Selskap | A&M | |
Produsent | Richard Carpenter/Associate Produsent - Karen Carpenter | |
The Carpenters-kronologi | ||
---|---|---|
Live at the Palladium (1976) |
Passage | Christmas Portrait (1978)
|
Passage er det åttande studioalbumet til den amerikanske popduoen Carpenters. Det kom ut i 1977 og inneheldt hitsinglane «All You Get from Love Is a Love Song», «Calling Occupants of Interplanetary Craft» og «Sweet, Sweet Smile». The Carpenters-versjonen av «Sweet, Sweet Smile» (skriven av Juice Newton) vart plukka opp av countryradiostasjonar og duoen hamna på topp 10 på country-lista i USA våren 1978.
Albumet er eit steg i ei ny retning for gruppa og inneheld meir eksperimentelle songar som Klaatu-songen «Calling Occupants of Interplanetary Craft», som nådde 32. plassen i USA og topp 10 i fleire land internasjonalt.[1]) Albumet selde dårlegare enn dei førre albuma deira og vart det første som ikkje selde til gullplate i USA.
Dette er det einaste Carpenters-albumet (om ein ser bort frå julemusikkalbuma deira) som ikkje inneheld songar skrivne av Richard Carpenter eller John Bettis.
Bakgrunn og innspeling
endreFør albumet vart spelt inn leitte Carpenters etter ein ny produsent, etter at bandet hadde blitt mindre populært og Richard Carpenters sleit med eit sovepilleproblem som gjekk ut over rolla hans som produsent.[1] I følgje Richard Carpenter «ville ikkje ein einaste større produsent arbeide med oss. Radio var ikkje lenger så venleg mot den type musikk som me laga, og for å være ærleg så ville det vere hardt å hoppe etter meg og det eg hadde fått til som produsent. Eg vart derfor verande produsent, men eg prøvde å gå laus på dette prosjektet frå ei ny side. Derfor vart songtypane på dette albumet noko anna enn på tidlegare album.»[1]
Mottaking
endreMeldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [2] |
The Rolling Stone Album Guide | [3] |
Allmusic skildrar albumet som «beundringsverdig, sjølv om resultatet verken er minneverdig eller essensielt.»[2] «All You Get from Love Is a Love Song» vart skildra som «langt meir minneverdig...med ein rytme ein var vant til.»
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «B'wana She No Home» | Michael Franks | 5:36 |
2. | «All You Get from Love Is a Love Song» | Steve Eaton | 3:47 |
3. | «I Just Fall in Love Again» | Steve Dorff, Larry Herbstritt, Harry Lloyd, Gloria Sklerov | 4:05 |
4. | «On the Balcony of the Casa Rosada/Don't Cry for Me Argentina» | Andrew Lloyd Webber, Tim Rice | 8:13 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
5. | «Sweet, Sweet Smile» | Juice Newton, Otha Young | 3:02 |
6. | «Two Sides» | Scott E. Davis | 3:28 |
7. | «Man Smart, Woman Smarter» | Norman Span | 4:22 |
8. | «Calling Occupants of Interplanetary Craft» | Terry Draper, John Woloschuk | 7:06 |
Singlar
endre- «All You Get from Love Is a Love Song» (US Hot 100 #35, US Adult Contemporary #4) US 7" single (1977) – A&M 1940
- «All You Get from Love Is a Love Song»
- «I Have You»
- «Calling Occupants of Interplanetary Craft» (The Recognized Anthem of World Contact Day) (US Hot 100 #32, US Adult Contemporary #18) US 7" single (1977) – A&M 1978
- «Calling Occupants of Interplanetary Craft» (The Recognized Anthem of World Contact Day)
- «Can't Smile without You»
- «Sweet, Sweet Smile» (US Hot 100 #44, US Adult Contemporary #7, US Country #6) US 7" single (1978) – A&M 2008
- «Sweet, Sweet Smile»
- «I Have You»
- «Don't Cry for Me Argentina» CA 7" single (1978) – A&M 8629
- «Don't Cry for Me Argentina»
- «Calling Occupants of Interplanetary Craft» (The Recognized Anthem of World Contact Day)
Lister
endreListe (1977) | Plassering |
---|---|
Australian Kent Music Report Album Chart[4] | 48 |
Canadian RPM Album Chart[5] | 57 |
Japanske Oricon albumliste[6] | 7 |
UK Album Chart[7] | 12 |
USA Billboard Pop Album[8] | 49 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Passage (Carpenters album)» frå Wikipedia på engelsk, den 8. februar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Carpenters: Passage album, 1977
- ↑ 2,0 2,1 Passage av Carpenters på Allmusic
- ↑ Brackett, Nathan; Christian Hoard (2004). The Rolling Stone Album Guide. New York City, New York: Simon and Schuster. s. 140. ISBN 0-7432-0169-8.
- ↑ Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6.
- ↑ «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». RPM. Henta 3. februar 2015.
- ↑ a-カーペンターズ «Yamachan Land (Japanese Chart Archives) - Album Chart Daijiten - Carpenters» Check
|url=
value (hjelp) (på japansk). Original Confidence. 30. desember 2007. Henta 3. februar 2015.[daud lenkje] - ↑ «Chart Stats - Carpenters - Passage». UK Album Chart. Arkivert frå originalen (PHP) 19. januar 2013. Henta 3. februar 2015.
- ↑ Allmusic Carpenters > Passage > Charts & Awards > Billboard Album