I Just Fall in Love Again
I Just Fall in Love Again Song av The Carpenters frå albumet Passage | ||
Utgjeve | 23. september 1977 | |
Innspelt | 1977 | |
Sjanger | Pop, adult contemporary | |
Lengd | 4:05 | |
Selskap | A&M | |
Låtskrivar(ar) | Steve Dorff; Larry Herbstritt; Gloria Sklerov; Harry Lloyd | |
---|---|---|
Produsent | Richard and Karen Carpenter |
I Just Fall in Love Again Singel av Anne Murray frå albumet New Kind of Feeling | ||
B-side |
«Just to Feel This Love from You» | |
---|---|---|
Utgjeve | Januar 1979 | |
Innspelt | 1978 | |
Sjanger | Country, pop | |
Lengd | 2:47 | |
Selskap | Capitol | |
Låtskrivar(ar) | Steve Dorff, Larry Herbstritt, Gloria Sklerov, Harry Lloyd | |
Produsent | Jim Ed Norman | |
Anne Murray-kronologi | ||
«You Needed Me» (1978) |
I Just Fall in Love Again | «Shadows in the Moonlight» (1979)
|
«I Just Fall in Love Again» er ein popsong skriven av Larry Herbstritt, i lag med Steve Dorff, Harry Lloyd og Gloria Sklerov. Herbstritt hadde komponert melodien og akkordane for refrenget, og ein akkordprogresjon for verset, som han tok med til venen Steve Dorff. Harry Lloyd og Gloria Sklerov skreiv ferdig teksten. Songen vart opphavleg spelt inn av The Carpenters og seinare spelt inn av Dusty Springfield og Anne Murray.
The Carpenters-versjonen
endreThe Carpenters sin versjon var med på albumet Passage i 1977. Richard Carpenter meinte songen hadde stort hitpotensiale som singel, men A&M Records valde å ikkje gje han ut fordi han vart rekna som for lang for radio (like over fire minuttar) og ikkje kunne kortast ned.[1]
Medverkande
endre- Karen Carpenter - solovokal
- Richard Carpenter - klaverinstrument
- Joe Osborn - bassgitar
- Tony Peluso - elektrisk gitar
- Ron Tutt - trommer
- Earle Dumler - obo
- Gregg Smith Singers - korvokal
Dusty Springfield-versjonen
endreSommaren 1978 spelte Dusty Springfield inn denne songen, som tidleg i 1979 kom ut på albumet Living Without Your Love, same veka som plateselskapet hennar United Artists Records vart seld. Songen vart derfor aldri gjeven ut som singel og vart i stor grad forbigått av publikum.
Anne Murray-versjonen
endreDå den kanadiske songaren Anne Murray høryde «I Just Fall in Love Again» i 1979 med Dusty Springfield, favorittsongaren hennar, inspirerte dette henne til å spele inn sin eigen versjon av songen. Ho gav ut songen i 1979 på albumet New Kind of Feeling. Murray gav ut sin versjon som singel, og denne toppa Country-lista,[2] og Adult Contemporary-lista i USA i tre veker. Han nådde 12. plassen på Billboard Hot 100.[3] Det var den første i ei rekkje på tre countryhittar for Murray.
Lister
endreListe (1979) | Plassering |
---|---|
Canadian RPM Country Tracks | 1 |
Canadian RPM Adult Contemporary Tracks | 1 |
Canadian RPM Top Singles | 1 |
U.S. Billboard Hot Country Singles | 1 |
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks | 1 |
U.S. Billboard Hot 100 | 12 |
U.K. Singles Chart | 58 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «I Just Fall in Love Again» frå Wikipedia på engelsk, den 8. februar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Carpenters •• I Just Fall In Love Again
- ↑ Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book Of Top 40 Country Hits: 1944-2006, Second edition. Record Research. s. 242.
- ↑ Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961-2001. Record Research. s. 176.