Paul Frederik Michael Heltzen (3. mai 177919. august 1839) var ein norsk embetsmann og stortingsmann frå Kongsberg.

Paul Heltzen
Fødd3. mai 1779
Kongsberg kommune
Død19. august 1839 (60 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkesorenskrivar, Fylkesmann, politikar
FarChristian Ernst Heltzen
Alle verv

Heltzen var fødd på Kongsberg, men voks opp i Trondheim, der faren Christian Ernst Heltzen var berghauptmann. Sjølv vart han cand. jur. i 1801, og så fyrst fullmektig hos sorenskrivar i Finnmark, deretter i Stjørdal og Verdal. År 1805 tilsett i det kongelege generalkommisariatet, 1806 auditør i Holsten. Frå 1810 var han sorenskrivar i Aker, han kjøpte i 1814 eigedommen Øvre Stabekk i Bærum og budde der til 1836.

Hausten 1814 representerte Heltzen Akershus amt på det første overordentlege Stortinget. På ny vald til Stortinget 1827, han var då medlem av Lagtinget og dermed riksretten. Elles var han sekretær i militærkomiteen og medlem av komiteen om bygningvesenet i Kristiania. På det overordentlege Stortinget 1828 var han visesekretær i Lagtinget.

Han flytta i 1836 til Kristiania og døydde der i 1839.

Kjelder endre