Paul Simon av Paul Simon
Paul Simon Studioalbum av Paul Simon | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 14. januar 1972 | |
Innspelt | 1971 | |
Sjanger | Folkrock | |
Lengd | 34:03 | |
Selskap | Columbia, Warner Bros. | |
Produsent | Roy Halee, Paul Simon | |
Kritikk | ||
---|---|---|
Paul Simon-kronologi | ||
The Paul Simon Song Book (1965) |
Paul Simon | There Goes Rhymin' Simon (1973)
|
Paul Simon er det andre studioalbumet til den amerikanske visesongaren Paul Simon, og det kom ut i januar 1972, nesten to år etter at duoen Simon & Garfunkel vart oppløyst. Albumet representerte den endelege meldinga om at duoen no var ferdig.[3]
Historie
endreEtter at Simon & Garfunkel vart oppløyst i 1970, arbeidde Simon som lærar i låtskriving på New York University sommaren 1971.[4] Simon reiste så til San Francisco for å spele inn nokre demoar og starta å skrive i mange forskjellige stilartar. Paul Simon var musikalsk ein direkte oppfølgjar til musikken han skreiv i lag med Art Garfunkel. Simon eksperimenterte med fleire stilartar, som latinsk musikk, jazz, blues, samt reggae med songen «Mother and Child Reunion». Songen var spelt inn i Kingston i Jamaica og var ein av dei første reggaesongane gjort av ein kvit artist. Med seg på plata hadde han gjestemusikarane Stephane Grappelli, Ron Carter og Airto Moreira.
Testane på albumet inneheld mange sjølvbiografiske element. Fleire av songane omhandlar direkte eller indirekte ekteskapet med Peggy, som han skilde seg frå i 1975. Andre tema er narkotika og ungdomstid, særskild i urbane område.
Albumet toppa listene i Storbritannia, Japan og Noreg, og nådde fjerdeplassen i USA. I 1986 hadde albumet seld til platina.[3]
Innhald
endreAlle songar er skrivne av Paul Simon, bortsett frå der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Mother and Child Reunion» | 3:05 |
2. | «Duncan» | 4:39 |
3. | «Everything Put Together Falls Apart» | 1:59 |
4. | «Run that Body Down» | 3:52 |
5. | «Armistice Day» | 3:55 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «Me and Julio Down by the Schoolyard» | 2:42 |
7. | «Peace Like a River» | 3:20 |
8. | «Papa Hobo» | 2:34 |
9. | «Hobo's Blues» (Simon, Stéphane Grappelli) | 1:21 |
10. | «Paranoia Blues» | 2:54 |
11. | «Congratulations» | 3:42 |
Medverkande
endre- Paul Simon: akustisk gitar, vokal, perkusjon
- Hal Blaine: trommer (4, 10, 11)
- Huks Brown: sologitar (1)
- Ron Carter: bass (4)
- Russel George: bass (6)
- Stephane Grappelli: fiolin (9)
- Winston Grennan: trommer (1)
- Stefan Grossman: bottleneck gitar (10)
- Jerry Hahn: elektrisk gitar (4, 5)
- Neville Hinds: orgel (1)
- Jackie Jackson: bass (1)
- Larry Knechtel: akustisk og elektrisk piano, harmonium, orgel (1, 3, 8, 11)
- Denzil Laing: perkusjon (1)
- Fred Lipsius: horn (5)
- Los Incas: fløyte, charango, perkusjon (2)
- Mike Mainieri: vibrafon (4)
- Charlie McCoy: bass munnspel (8)
- Victor Montanez: trommer (7)
- Airto Moreira: perkusjon (5, 6)
- Joe Osborn: bass (7, 11)
- John Schroer: horn (5, 10)
- David Spinozza: akustisk gitar (4, 6)
- Steven Turre: horn (10)
- Wallace Wilson: rytmegitar (1)
- Cissy Houston, Von Eva Sims, Renelle Stafford og Deirdre Tuck: korvokal (1)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Paul Simon (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 5. november 2010.
- ↑ Allmusic Review
- ↑ Robert Christgau Review
- ↑ 3,0 3,1 «Superseventies review». Superseventies. Henta July 24, 2009.
- ↑ «Paul Simon - The neck of my gitar». Paul-simon.info. Henta June 26, 2010.
Føregangar Harvest Neil Young |
Toppen av VG-lista Paul Simon 3 veker, veke 17–19, 1972 |
Etterfylgjar Harvest Neil Young |
426: Lucinda Williams Lucinda Williams |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2020 over dei 500 beste albuma gjennom tidene 425 Paul Simon Paul Simon |
424: Odelay Beck |
269: Psychocandy The Jesus and Mary Chain |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2012 over dei 500 beste albuma gjennom tidene 268 Paul Simon Paul Simon |
267: Quadrophenia The Who |