Peder Reinhardt
norsk politikar
Peder Ferdinand Reinhardt (19. mars 1836–6. februar 1908) var ein norsk forretningsmann og politikar frå Kristiansand.
Peder Reinhardt | |||
Fødd | 19. mars 1836 | ||
---|---|---|---|
Død | 6. februar 1908 (71 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | politikar | ||
Barn | Ottilie Bie, Dorothea Reinhardt | ||
Alle verv |
|
Han var son til den rike forretningsmannen O. C. Reinhardt i Kristiansand. I yngre år gjekk han handelsakademiet i Lübeck. Han overtok handelshuset etter far sin, med skipsverft, reiarlag, dampskipsekspedisjon, kolimport mm. I fleire år var han formann i børskomiteen i byen, og i handelsforeininga. Reinhardt var medlem av bystyret 1871-1904, ordførar i 1874.
Reinhardt vart vald til 1. representant for heimbyen på Stortinget 1877-1882, møtte ikkje i 1882, og 2. representant 1889-91. Heile tida på tinget var han medlem av jarnbanekomiteen. Han var medlem av mellomrikskommisjonen av 1889.
Han døydde i heimbyen 1908.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914