Peg av Steely Dan
Peg Singel av Steely Dan frå albumet Aja | ||
B-side |
I Got the News | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | November 1977 | |
Innspelt | 1977 | |
Sjanger | Jazzrock | |
Lengd | 3:57 | |
Selskap | ABC | |
Tekstforfattar | Donald Fagen | |
Låtskrivar(ar) | Walter Becker, Donald Fagen | |
Produsent | Gary Katz | |
Steely Dan-kronologi | ||
«Haitian Divorce» (1976) |
Peg | «Deacon Blues» (1977)
|
«Peg» er ein song av det amerikanske jazzrockbandet Steely Dan, først gjeven ut i 1977 på albumet Aja. Songen kom ut på singel i 1977 og nådde 11. plassen på den amerikanske Billboard-lista i 1978 og åttandeplassen på Cash Box-lista.[1] Han låg 19 veker inne på lista, like lenge som «Rikki Don't Lose That Number» og «Hey Nineteen», to andre singlar av Steely Dan. I Canada låg «Peg» tre veker på sjuandeplassen i mars 1978.[2]
AllMusic-kritikaren Stephen Thomas Erlewine skildra «Peg» som «solskins-pop» med «lag av jazza vokalharmoniar»,[3] medan musikkeksperten Stephen K. Valdez kalla det ein blanding av jazz og rock.[4]
Det var fleire studiogitaristar som prøvde seg på gitarsoloen, inkludert Robben Ford og Larry Carlton, før det vart versjonen til Jay Graydon som vart nytta til slutt.[5] Han arbeidde på songen i kring seks timar før bandet var nøgd.[6]
Michael McDonald syng korvokal på refrenget og ein kan høyre klaverspelaren Paul Griffin snakke og improvisere korvokal på det siste refrenget og uttoninga av songen.[7]
Pitchfork kåra «Peg» til den 87. beste songen frå 1970-åra, og skildra det som «den perfekte Steely Dan-songen og ein av dei raraste hittane som nokon gong har nådd så høgt.»[5] Trommeslagaren Rick Marotta meinte «Peg» var ein av dei beste songane han nokon gong hadde spelt på.[8]
«Peg» vart kraftig sampla i 1989 på De La Soul-songen «Eye Know». I 2007 vart songen spelt av Nerina Pallot og i 2014 av Donny Osmond.
Salslister
endre
Vekeslisterendre
|
Årslisterendre
|
Medverkande
endre- Donald Fagen – solovokal
- Michael McDonald – korvokal
- Jay Graydon – sologitar
- Steve Khan – rytmegitar
- Paul Griffin – Fender Rhodes elektrisk piano, korvokal
- Don Grolnick – clavinet
- Chuck Rainey – bassgitar
- Rick Marotta – trommer
- Victor Feldman, Gary Coleman – perkusjon
- Tom Scott – lyricon[12]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Peg (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 15. januar 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Steely Dan USA chart history, Billboard.com. Henta 10. januar 2021.
- ↑ 2,0 2,1 «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Arkivert frå originalen 25. november 2015. Henta 15. januar 2021.
- ↑ Erlewine, Stephen Thomas. «Aja - Steely Dan». AllMusic. Henta 18. november 2019.
- ↑ Valdez, Stephen K. (2006). A History of Rock Music (4th utg.). Kendall/Hunt Publishing Company. s. 381. ISBN 0757533795.
- ↑ 5,0 5,1 «The 200 Best Songs of the 1970s - Page 6 | Pitchfork». pitchfork.com. Henta 15. januar 2021.
- ↑ Schonfeld, Zach (24. september 2017). «Steely Dan's 'Aja' at 40: The Inside Story of the Band's Most Legendary Guitar Solo». Newsweek. Henta 15. januar 2021.
- ↑ Classic Albums DVD: Aja
- ↑ Russ Harris (4. august 2008), Peg - Steely Dan - The Making Of, henta 15. januar 2021
- ↑ Cash Box Top 100 Singles, 11. mars 1978
- ↑ «Top 100 Hits of 1978/Top 100 Songs of 1978». Musicoutfitters.com. Henta 15. januar 2021.
- ↑ «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Arkivert frå originalen 20. oktober 2012. Henta 15. januar 2021.
- ↑ Original 1977 Album liner notes