Per Arne Olsen
Per Arne Lodding Olsen (fødd 21. februar 1961 i Tønsberg) er ein norsk tidlegare politikar frå Framstegspartiet. Han vart vald inn på Stortinget frå Vestfold fylke i 2009, er andre nestleiar i partiet og har vore ordførar i Tønsberg kommune frå 2003 til 2009.
Per Arne Olsen | |
![]() Per Arne Olsen Foto: Bård Gudim/FrPMedia | |
Fødd | 21. februar 1961 (61 år) Tønsberg |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Framstegspartiet |
Yrke | politikar |
Frå august 2016 er han fylkesmann i Vestfold og frå 1. januar 2019 i det nye fylkesmannsembetet i Vestfold og Telemark fylke.[1][2]
På Stortinget var Olsen medlem av helse- og omsorgskomiteen og av valkomiteen.
Olsen overtok som andre nestformann i sentralstyret i partiet etter John Alvheim. Han var varamedlem i Kringkastingsrådet frå 1998 til 2009 og medlem i styret for Folketrygdfondet frå 1992 til 2009.
Per Arne Olsen har mellom anna jobba som kontorsjef ved hovudkontoret til Framstegspartiet i Oslo og som generalsekretær i Framstegspartiet sin Ungdom.
KjelderEndra
- ↑ «Fylkesmann Per Arne Olsen». Fylkesmannen i Vestfold. 15. september 2016. Henta 26. januar 2018.
- ↑ «Per Arne Olsen blir fylkesmann for den nye regionen». NRK Vestfold. 16. juni 2017. Henta 20. august 2019.