Per Christian Hemmer
Per Christian Møller Hemmer (fødd 14. mai 1933 på Tromøy) er ein norsk fysikar som er ekspert på statistisk fysikk, spesielt utrekningar av tilstandslikningar for klassiske og kvantemekaniske system, polymerfysikk og halvleiarfysikk.[1] Han studerte fysikk ved NTH i Trondheim og fekk sin siv.ing. i 1956 med særdeles tilfredsstillande (1.0), og sin dr.techn. i 1959. Etter mellom anna forskaropphald ved Københavns Universitet og Rockefeller University, vart han i 1966 innvald i både Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab som held til i Trondheim, såvel som Norges Tekniske Vitenskapsakademi.[2] Han var tilsett som dosent ved NTH 1966–68 og professor i teoretisk fysikk 1969–2003. Ikkje før i 1980 vart han innvald i Det Norske Videnskaps-Akademi. Han er son av Alv Kristiansen (1900–1988) som var disponent og redaktør i Christiansands Tidende, Agderposten og Vestlandske Tidende.[3]
Per Christian Hemmer | |||
| |||
Fødd | 14. mai 1933 | ||
---|---|---|---|
Død | 5. februar 2022 | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | fysikar | ||
Institusjonar | Noregs tekniske høgskole | ||
Alma mater | Noregs tekniske høgskole Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet | ||
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi Norges Tekniske Vitenskapsakademi Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab Norsk Fysisk Selskap |
Utgjevingar
endre- Kvantemekanikk (Tapir forlag) 1.utg. 1980, 2.utg. 1985, 3.utg. 1993, 4.utg. 2000, 5.utg. 2005
- Statistisk mekanikk (Tapir forlag) 1.utg. 1970, 2.utg. 1990
- Termisk fysikk (Tapir forlag) 1.utg. 1989, 2.utg. 2002, 3.utg. 2009
- Varmelære (Tapir forlag) 1.utg. 1967, 2.utg. 1974
- Faste stoffers fysikk (Tapir forlag) 1987
- Ikkelineær dynamikk (kompendium) 2003
- Fysikk i Trondheim gjennom 1000 år (2010). Med Anders Johnsson, Kjell Mork og Ivar Svare
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Per Christian Hemmer» frå Wikipedia på bokmål, den 8. november 2013.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene: