Perlearbeid er ei dekorasjonsform der ein festar pynteperler til kvarandre ved å tre dei på ei snor eller ein tynn streng med ei nål, syr dei fast til stoff, eller fester dei til ei overflate på anna vis. Det finst perler i ei rekkje ulike materiale, former og storleikar, og kan til dømes vera laga av skjel, keramikk eller glas. Dei blir brukte til mange ulike føremål, ofte til pynt på til dømes smykke og klede, men kan også brukast til annan kunst og dekorasjon. Historisk har slikt arbeid blitt brukt til religiøse føremål, som bønekransar, lukkebringande talismanar og til handel, byttehandel og rituell gåveutveksling.[1]

Perlearbeideprosjekt på ein perlevev. Svarte, kvite og oransje gjennomsynlege perler blir brukte til å laga eit armband.

Det finst fleire ulike teknikkar for perlearbeid, som veving med og utan vev, perling på snor, perlebroderi, perlehekling, perlestrikking og nupereller med perler.[2]

Historie endre

 
Egyptisk kjole av fajanseperler frå ca. 2500 f.Kr.

Tilverking og bruk av perler går tilbake til eldre steinalder. Det er funne perler laga av strutseeggeskal i Afrika som kan vera opptil 50 000 år gamle, og i Nord-Asia frå kring 37 000 år sidan.[3] Det er også funne slike perler i Sør-Asia. Frå Harappa kjenner ein til steinperler laga med spesielle drillar frå 7000-talet f.Kr.[4] Perler i ulike former var nesten universelle i oldtida. Ofte blei dei laga med lokalt tilgjengelege materiale. Athabaskiske folk i dagens Alaska brukte til dømes sjøtenner, skjel frå marine blautdyr som er naturleg hole, til intrikat perlearbeid.[5]

Perler i egyptisk fajanse, ein type keramikk laga av leire, kalk, soda, natron og kvarts i sand- eller støvform blanda til ein pasta og forma rundt ein pinne eller eit strå og brunnen til dei var harde, blei særleg brukt i det gamle Egypt til smykke frå det fyrste dynastiet (3000-talet f.Kr.) og seinare.[6][7] Fajanse og andre keramikkperler dekka med vitrifisert kvarts blei laga før ein laga reine glasperler.[8] Kinesarane blei kjende med fargerike perler laga av glas under krigande statar-tida (475-221 f.Kr.), og byrja sjølv å tilverka og vidaretuvikla dei til å etterlikna smykkesteinar som jade og bruka dei til smykke, rituelle gjenstandar og til utsmykking av våpen.[9]

I 1291 hadde handverkarar i Murano i Italia byrja å laga intrikate glasperler, muranoperler, inspirerte av anna venetiansk glas. Etter at ein byrja dekorera glas med lampeoppvarming blei det produsert europeiske frøperler til bruk for broderi, hekling og andre teknikkar.[10] Tsjekkiske frøperler er nokre av dei mest populære perlene i nyare tid. Europeiske perler blei eksporterte til andre verdsdelar, og kunne tilpassast lokal smak.[11]

I dag kan perling utførast av smykkemakarar og kunstnarar og som ein hobby. Nokre kunstnarar som har nytta teknikken er Liza Lou, Ran Hwang, Hew Locke, Jeffery Gibson og Joyce J. Scott.[12]

Galleri endre

Afrikanske tradisjonar endre

 
Maske med perlearbeid frå bamunfolk i Kamerun, laga kring 1880.

Det finst tradisjonar for perlearbeid blant folkegrupper i heile Afrika,[13] der ein kan bruka naturmateriale som bein og skjel eller importerte og lokalt tilverka glasperler. Perlearbeid kan brukast til å dekorera hovudplagg, masker, klede, korger, figurinar og anna.[13] Sørafrikanske ndebelefolk kan til dømes visa sivil status gjennom ulike perla skjørt og kapper.[11]

Aggryperler (også kalla aggri eller aggrey) er ein type dekorerte glasperler, og er blitt brukt av folk frå Ghana og andre land i Vest-Afrika til halssmykke og armband som ein har bytta mot andre varer.[14] Til desse perlene er det knytt tru på at dei har magisk krefter knytte til fruktbarheit. I Mauritania finst det kiffa-perler av glaspulver som representerer ein tradisjon som kan førast tilbake så langt som rundt 1200. Kvinnegrupper har gjenoppliva dette handverket etter at dei siste tradisjonelle kiffatilverkarane døydde på 1970-talet.[15] Kamerunske kvinner er kjende for å laga treskulpturar dekte med perlearbeid.[16]

Galleri endre

Asiatiske tradisjonar endre

Det finst ulike former for perlearbeid blant ulike folkegrupper i Asia. Kinesisk broderi omfattar også perlebroder, der Xiamen-teknikken er særleg kjend for figurative motiv med skugge og tredimensjonale effektar.[17] Peranakanfolk (kinesisk-malayar) er særleg kjende for fottøy med perlebroderi, sjølv om dei også dekorerte klede og inventar med perler.[18] Blomar og dyr med symbolske tydingar er vanlege motiv.[19] Perlearbeid frå Borneo er ofte kjenneteikna av krumme linjer med motiv inspirerte av dyr, typisk med svarte, gule og raude perler.[13] Orang ulu-folk frå Sarawak på Borneo kan dekorera klede, utstyr og korger med perlearbeid som kan førestilla menneske, dyr og fabeldyr, plantar og geometriske mønster.[20]

Europeiske tradisjonar endre

 
Den russiske adelskvinne Olga Orlova-Davydova med kokosjnik pryda med perlearbeid under eit maskeradeball i 1903.

Perlearbeid i Europa kan også førast tilbake til bruk av bein og skjel som dekorasjonar blant tidlege moderne menneske.[21] Etterkvart som glasproduksjonen auka i popularitet gjennom mellomalderen, byrja glasperler å dukke opp mykje i perlebroderi, perlekjede og liknande.[22] Ein kunne dekorera klede, som det engelske geistlege plagget kjent som Butler-Bowden cope, frå 1330, eller etterkvart kleda til rikfolk.[13] I tidleg moderne tid blei det også vanleg å dekorera gjenstandar, som skrin, korger og små bilde, med perler.[13]

Ein europeisk perleteknikk er «udøyelege» blomar laga av perler. Opphavet til teknikken er ukjend, men det er generelt semje om at han går fleire hundreår tilbake, så langt tilbake som minst 1500-talet og kanskje tilmed 1300-talet.[23][24] Det blei utvikla to hovudstilar: Fransk perling, der tråden berre går gjennom kvar perle éin gong og trådane går vertikalt, og viktoriansk (også kalla engelsk eller russisk) perling, der trådane går gjennom kvar perle to gonger og går horisontalt.[23] På slutten av 1800- og byrjinga av 1900-talet blei perleblomane brukte til å lage langvarige gravkransar, kjende som immortelles (fransk for 'udøyelege').[24] På midten av 1900-talet blei kunsten introdusert til USA med sal av blomeperlesett. På 1960- til 1970-talet blei det gjeve ut bøker med nye blomedesign med perler.[23][24]

Perlearbeid er ein viktig del av folkedrakta til mange europeiske folkeslag. I Nord-Russland har ein til dømes typisk laga kokosjnikar med elveperlenett kring panna, i tillegg til tradisjonelt perlebroderi.[25] Lemkofolk frå Ukrain har ein tradisjon for perlekragar laga av glasperler i folkedrakta si.[26][27] Perledekorasjonar gjekk av moten i mykje av Europa på 1700-talet, men kom tilbake att det neste hundreåret, då ein kunne pynta tilbehøyr som tasker, hanskar, strømper og belte og større objekt som kjolar.[13]

Galleri endre

Nord-Amerika endre

 
Skulderveske med perledekorasjon laga av muscogeefolk kring 1820.

Urfolk i Nord-Amerika hadde utvikla perlearbeid med materiale som skjel, dendritt, klør og bein, og vidareutvikla det med bruk av glasperler etter at europearar innførte dei til Amerika frå tidleg på 1600-talet.[28][29]

Perlearbeid utført av urfolk i dag nyttar små glasperler i stor grad, men utøvarar brukar også tradisjonelt viktige materiale. Wampumskjel er til dømes seremonielt og politisk viktige for ei rekkje Eastern Woodlands-folk, og blir brukte til å avbilda viktige hendingar.[30]

Fleire urfolkskunstnarar frå mange ulike grupper blir rekna som leiande innan moderne amerikansk perlearbeid. Desse omfattar Teri Greeves (kiowa, kjend for perla kommentarar om røysterettar for urfolk),[31] Marcus Amerman (choctaw, kjend for realistiske perleportrett av historiske figurar og kjendisar)[32] og Jamie Okuma (luiseño-shoshone-bannock, kjend for perla dokker).[33]

Great Lakes endre

Ursulinske nonner i Great Lakes-området innførte blomemønster blant unge urfolksjenter, som raskt tok dei opp i perlearbeidet sitt.[34] Ojibwekvinner i området skapte særleg rikt dekorerte skuldervesker kjende som gashkibidaagan.[35]

Eastern Woodlands endre

Innu-, mi'kmaq-, penobscot- og haudenosauneefolk utvikla, og er kjende for, symmetriske bordar, ofte i kvite perler.[36] Irokesarfolk laga opphøgd perlearbeid, der trådar blei strama slik at perlene danna bas-relieff med ein tredimensjonal effekt.[37][38]

Søraustlege grupper endre

Søraustlege grupper utforma ein stil der bilete var definerte av kvite kantar, ein visuell referanse til skjela og perlene kystfolka hadde brukt før kontakt med europearar.[39] Denne stilen gjekk nesten tapt under Trail of Tears, då mange utøvarar døydde under den tvinga marsjen til Indian Territory vest for Mississippielva. Roger Amerman (choctaw, bror av Marcus Amerman) og Martha Berry (cherokee) har gjenoppliva stilen.[40]

Sierra Madre endre

Huicholfolk i dei mexicanske statane Jalisco og Nayarit har ein særeigen stil der dei festar perler til harde overflater med ei blanding av harpiks og bivoks i staden for å bruka tråd.[41]

Galleri endre

Sør-Amerika endre

 
Perleskjørt frå Venezuela

Før kontakt med europearane blei det laga perler av skjel, typisk frå Spondylus-artar, stein som jade, karneol, ladurstein og obsidian, og metall som gull og sølv i Sør-Amerika. Etter at europearane kom til Amerika og innførte glasperler, byrja også lokale folk å tilverka perler i detter materialet. Det blei handla med perler både før og etter europeisk kontakt.[42][43]

I tillegg til i smykke blei perler brukte til å dekorera klede, til dømes skildra Pedro Pizarro inkaklede som var så tett pynta med perler at ein ikkje kunne sjå stoffet dei sat på. Perler kunne også brukast til å dekorera nåler kalla tupu som heldt fast sjal og liknande klede.[42]

Det er kjent skjørt eller forkle laga av glasperler frå fleire delar av Sør-Amerika, som Guyana, Surinam, Fransk Guiana, Venezuela, Colombia og Brasil. Nokre lokale namn på dette plagget er queyu og motsa. Dette skjørtet kunne vera det einaste klesplagget brukt av urfolkskvinner, anten til kvardags eller berre som seremonielle klede.[44]

Kjelder endre

  1. Sciama, Lidia D.; Eicher, Joanne B. (1998). Beads and Bead Makers: Gender, Material Culture and Meaning (Cross-Cultural Perspectives on Women). Bloomsbury Publishing. s. 1–3. ISBN 978-1859739952. 
  2. Libin, Nina (1998). Tatted Lace of Beads, the Techniques of BEANILE LACE. Berkeley, CA: LACIS. s. 112. ISBN 0-916896-93-5. 
  3. https://www.frontiersin.org/articles/10.3389/feart.2021.818554/full
  4. «Stone Beads in Ancient South Asia - 7000-600 BC: A comparative approach to technology, style, and ideology | Harappa», www.harappa.com, henta 8. januar 2023 
  5. Dubin, Lois Sherr (2009). The History of Beads: From 100,000 B.C. to the Present. New York: Abrams. s. 463. ISBN 978-0810951747. 
  6. Dee, Michael; Wengrow, David; Shortland, Andrew; Stevenson, Alice; Brock, Fiona; Girdland Flink, Linus; Bronk Ramsey, Christopher (8. november 2013). «An absolute chronology for early Egypt using radiocarbon dating and Bayesian statistical modelling». Proceedings of the Royal Society A: Mathematical, Physical and Engineering Sciences (på engelsk) 469 (2159): 20130395. ISSN 1364-5021. PMC 3780825. PMID 24204188. doi:10.1098/rspa.2013.0395. 
  7. Peck, William (2013). The Material World of Ancient Egypt. Cambridge University Press. ISBN 978-1107276383. 
  8. Dubin, Lois Sherr (2010). The Worldwide History of Beads: Ancient, Ethnic, Contemporary. Thames & Hudson. ISBN 9780500515006. 
  9. «Chinese Antique Glass Beads», JIA House of Fine Chinese Art (på engelsk), arkivert frå originalen 8. januar 2023, henta 8. januar 2023 
  10. Dubin, Lois Sherr (2010). The Worldwide History of Beads: Ancient, Ethnic, Contemporary. Thames & Hudson. ISBN 9780500515006. 
  11. 11,0 11,1 «How African Beadwork Changed The World», Google Arts & Culture (på dansk), henta 8. januar 2023 
  12. Gittlen, Ariela (16. februar 2018). «6 Artists Turning Beads into Spellbinding Works of Art». Artsy (på engelsk). Henta 19. oktober 2020. 
  13. 13,0 13,1 13,2 13,3 13,4 13,5 «beadwork | decorative arts | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 8. januar 2023 
  14. Quiggin, A. Hingston (1949). A Survey of Primitive Money. London: Methuen & Co Ltd. s. 36–44. 
  15. Simak, E. «Mauritanian Powder-Glass Kiffa Beads». Ornament 5 (29): 60–63. 
  16. LaDuke, Betty. (1997). Africa : women's art, women's lives. Trenton, NJ: Africa World Press. s. 63–84. ISBN 0-86543-434-4. OCLC 35521674. 
  17. «Xiamen Bead Embroidery» (på engelsk). Chinaculture.org. Henta 8. januar 2023. 
  18. Blay, Pearl, «100 Years of South East Asian Nonya Embroidery», The Beading Gem's Journal, henta 8. januar 2023 
  19. «Chinese beadwork, silk and gold embroidery to die for», Duck Creek Mountain Quilting (på engelsk), henta 8. januar 2023 
  20. Munan, Heidi, Beadwork | The Encyclopedia of Crafts in WCC-Asia Pacific Region (EC-APR) (på engelsk), henta 8. januar 2023 
  21. Dubin, Lois Sherr (2009). The History of Beads: From 100,000 B.C. to the Present. New York: Harry N. Abrams. s. 16. ISBN 978-0810951747. 
  22. Keller, Daniel; Price, Jennifer; Jackson, Caroline (2014). Neighbours and Successors of Rome: Traditions of Glass Production and use in Europe and the Middle East in the Later 1st Millennium AD. Oxbow Books. s. 1–41. ISBN 978-1-78297-398-0. 
  23. 23,0 23,1 23,2 Kurtz, Rosemary (16. februar 2008). «French Bead Flower Making - A Vintage Craft Is New Again». 
  24. 24,0 24,1 24,2 Harpster, Lauren (31. august 2018). «What is French Beading?». Bead & Blossom (på engelsk). Henta 22. april 2022. 
  25. «Headdress of Natalia de Shabelsky». Met Museum. Arkivert frå originalen 2. mars 2017. 
  26. «Lemkos», www.encyclopediaofukraine.com, henta 16. januar 2023 
  27. «The Lemko Glass Bead Collars - Krywulki | Glass, ceramic and pottery», www.artcademy.eu (på engelsk), henta 16. januar 2023 
  28. «Native American Art- Cherokee Beadwork and Basketry». nativeamerican-art.com. Henta 14. november 2017. 
  29. Cherokee, Eastern Band of. «Cherokee Indian Beadwork and Beading Patterns | Cherokee, NC». Cherokee, NC (på engelsk). Henta 14. november 2017. 
  30. Dubin, s. 170–171
  31. Lopez, Antonio (August 2000). «Focus on Native Artists | Teri Greeves». Southwest Art Magazine. Henta 13. mars 2009. 
  32. Berlo & Phillips, s. 32
  33. Indyke, Dottie (Mai 2001). «Native Arts | Jamie Okuma». Southwest Art Magazine. Henta 13. mars 2009. 
  34. Dubin, s. 50
  35. Dubin, s. 218
  36. Berlo and Phillips, p. 146
  37. Hoffman, Karen Ann. «Wisconsin Life, Iroquois Beadwork». Wisconsin First Nations. Arkivert frå originalen 22. juli 2021. 
  38. Berlo & Philips, s. 151
  39. Berlo & Phillips, s. 87
  40. Berlo & Phillips, s. 87
  41. Hillman, Paul. «The Huichol Web of Life: Creation and Prayer | Lesson Two: Jicaras, Kukus and Seeds». Community Arts Resource Exchange. The Bead Museum. Arkivert frå originalen 18. mai 2008. Henta 13. mars 2009. 
  42. 42,0 42,1 Feinzig, Kristi May (23. oktober 2016). «Tracing Sixteenth Century Beads in South America to Understand Their Impact on Indigenous Ritual Practices and Material Culture at the Time of the Spanish Conquest» (på engelsk). 
  43. «Ancient Beadmakers of the Caribbean», carnegiemuseums.org, henta 12. januar 2023 
  44. Cheetham, Linda (1987). «THE SOUTH AMERICAN GLASS BEAD APRON: SOME THOUGHTS ARISING FROM A COLLECTION AT THE PITT RIVERS MUSEUM». Newsletter (Museum Ethnographers Group) (21): 52–75. ISSN 0260-0366. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Perlearbeid