Peter Carl Fabergé

Peter Carl Fabergé, fødd Carl Gustavovitsj Fabergé (30. mai 184624. september 1920) var ein russisk juvelér. Han er best kjent for Fabergéegga, påskeegga han laget av edle metall og smykkesteinar.

Peter Carl Fabergé

Fødenamn Петер Карл Фаберже
Statsborgarskap Det russiske imperiet
Fødd 30. mai 1846
St. Petersburg
Død

24. september 1920 (74 år)
Pully

Yrke juveler, oppfinnar, gullsmed
Far Gustav Fabergé
Mor Charlotte Maria Fabergé
Ektefelle Augusta Julia Fabergé
Born Evgeny Karlovich Fabergé, Agathon Fabergé, Alexander Julius Fabergé
Peter Carl Fabergé på Commons

Liv og virke endre

 
Fabergé sin logo frå 1885
 
Hovudbutikken til Fabergé i St. Petersburg blei offisielt omdøypt til Jakhont ('Rubin'), men er enno kjend som Fabergébutikken

Bakgrunn endre

Han var fødd i St. Petersburg som son av juveléren Gustav Fabergé og den danske kona hans Charlotte Jungstedt. Familien til Gustav Fabergé var hugenottar som hadde flykta frå Frankrike etter tilbakekallinga av ediktet i Nantes. Dei flykta først til Tyskland og deretter, rundt 1800, til Livland som den gongen var del av Russland.

Peter Carl Fabergé byrja utdanninga si ved St. Annes Gymnasium, den tyske skulen i St. Petersburg. I 1860 flytta familien igjen, denne gongen til Dresden. Kort tid etter dette drog Carl på studietur til Frankfurt am Main, der han lærte seg juvelérkunsten.

Juvelér endre

I 1864 vende han tilbake til St. Petersburg der han byrja å jobba med faren. Han tok over leiinga av føretaket i 1872.

Carl og den yngre broren hans Agaton var ein sensasjon på den pan-russiske utstillinga i 1882, og tre år seinare utnemnde tsar Aleksander III han til offisiell hoffleverandør, som løn for at han laga eit fantastisk påskeegg tsaren kunne gje til kona si, Maria. Etter dette laga Fabergé eit egg kvart år som tsaren kunne gje til tsarinaen sin. Tsar Nikolaj II bestilte to egg i året, eitt til mor si og eitt til kona Alexandra. Dette fann stad frå 1895 til 1916. Fabergé laga meir enn berre egg, i 1896 produserte selskapet hans alle gåvene gjevne under kroningsseremonien for Nikolaj II.

I 1897 utnemnde det svenske hoffet Fabergé til hoffgullsmed og i 1900 representerte arbeida hans Russland på verdsutstillinga i Paris. Han vart hoffgullsmeden til tsaren i 1910. Selskapet til Fabergé var det største i Russland med 500 tilsette og avdelingar i St. Petersburg, Moskva, Odessa, Kiev og London. Dei fleste av dei tilsette til Fabergé i St. Petersburg var finske arbeidarar, og det var dei som laga dei kjende Fabergéegga. Selskapet produserte rundt 150 000 objekt mellom 1882 og 1917.

I 1917, midt i kaoset rundt oktoberrevolusjonen, selde han aksjane sine i selskapet til tilsette og flykta frå Russland. Ved hjelp av den britiske ambassaden kom han seg først til Finland og drog derfrå til Wiesbaden i Tyskland.

Etter å ha budd ei stund på Bellevue Hotel i Lausanne i Sveits, døydde han og vart gravlagd på Cimetière du Grand Jas i Cannes i Frankrike. Der ligg han ved sida av kona si Augusta.

Fabergé hadde fem søner: Eugéne (1874–1960), Agathon (1876–1951), Alexander (1877–1952), Nicholai (1881–1883) og Nicholas (1884–1939). To av dei, Eugené Fabergé og Alexander Fabergé grunnla ein etterfølgjar til Fabergé Co.; dette selskapet har i dag juveléren Victor Mayer som eigar.

Ein annan etterkomar, Theo (son av barnebarnet til Nicolas og Carl Fabergé) og dottera hans Sarah har utvikla nye design og har som uttalt mål å verna om namnet Fabergé ved å laga like vene objekt som Carl Fabergé. Dei opna ein liten butikk i St. Petersburg i 2003, og i 2005 blei det opna ein ny butikk på den raude plassen i Moskva.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Peter Carl Fabergé
  • Charles Bainbridge, Peter Carl Fabergé: Goldsmith and Jeweller to the Russian Imperial Court. His Life and Work (1949, reprinted 1971). Bainbridge var en nær venn av Fabergé som senere ledet London-avdelingen til Fabergé Co.
  • Abraham Kenneth Snowman, Carl Fabergé: Goldsmith to the Imperial Court of Russia (Random House, 1988), ISBN 0-517-40502-4