Peter Opsvik
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Peter Opsvik (25. mars 1939–30. september 2024) var ein norsk industridesigner og jazzsaksofonist.[1][2] Særleg kjend var han som formgjevar av Tripp trapp-stolen.[3]
Peter Opsvik | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 25. mars 1939 Stranda kommune |
Død |
30. september 2024 (85 år) |
Yrke | saksofonist, jazzmusikar, designar, møbeldesigner |
Aktive år | 1965-2024 |
Kjend for | Tripp-trapp-stolen |
Far | Møbelfabrikant Nils Opsvik (1897–1979) |
Mor | Anne Ringstad (1900–85) |
Born | Eivind Opsvik |
Nettstad | http://www.opsvik.no/ |
Peter Opsvik på Commons |
Bakgrunn
endrePeter Opsvik vart fødd i 1939 på Stranda.[4][5] Onkelen Jon Ringstad etablerte møbelfabrikken Stranda Industri A/S der faren Nils etter kvart vart medeigar, og Opsvik fatta tidleg interesse for design. Han vart utdanna ved Bergen kunsthåndverkskole (1959–63) og Statens håndverks- og kunstindustriskole (1963–64), og var innom Volkvangschule für Gestaltung i Essen på stipend frå Norsk designråd.
Design
endreHans første jobb som formgjevar var i Tandbergs Radiofabrikk, der han teikna bærbare radioar som modellen PT3-3 (1965–70).[6] Rundt same tida byrja han også å arbeide frilans, og designa stolar både for familiens møbelfabrikk (deriblant Ungdomsstolen, 1968) og Stokke AS (stolane Oase og Inka, 1967).
I 1970 starta han sitt eiget designfirma med stolen Mini max, som kan reknast som ein forløpar til hans mest kjente verk, barnestolen Tripp trapp (1972). Ideen til denne oppstod då han vart far og nytta telefonkatalogar til å tilpasse sitjehøgda på stolar sonen Tor kunne sitje på. Til trass for tidleg skepsis tok salet av då stolen vart vist i NRK fjernsyn, og frå 1972 til 1973 auka salet frå 3 til 10 000.[6] I dag er Tripp Trapp er den mest selde stolen produsert i Noreg, med fleire millionar sal verda over.[2]
Sentralt for arbeidet til Opsvik er studier av ergonomi og ulike sitjestillingar for det same møbelet, og i boka Rethinking Sitting (2008) oppsummerar han sitt mantra som «den beste stillinga er den neste». «Balans®»-stolene Variable (1979), Gravity (1983) og Thatsit (1991) produsert av Stokke i samarbeid med Hans Christian Mengshoel. Kontorstolen Credo og Capisco vart produsert av HÅG, som Opsvik også har gjort andre design for. Den spiralfjæra Flysit (1990), gyngestolen Actutulum (1995) og hengestolen Swing, inspirert av indiansk kunst fra Mexico (1999) er andre kjende namn. I tillegg til møblar har Opsvik også designa den solkraft-drevne bilen Butterfly og ulike lydskulpturar.[2]
Musikk
endreSom klarinettist og saksofonist i Christiania Jazzband og Christiania 12 medverka han på ei rekke festivalar og innspelingar. Christiania Jazzband fekk Spellemannprisen for Årets jazzplate i 1973.[6]
Familie
endreHan er far til musikaren Eivind Opsvik.[7][8]
Priser
endre- Balans-gruppen (Hans Chr. Mengshoel, Opsvik, Svein Gusrud og Oddvin Rykken) vann Jacobprisen i 1986.
- Årets møbel for stolen Oposit på Den norske møbelmessa i 1989.
- Norsk designråds «Merket for god design» fleire gongar mellom 1972-2011[9]
- Torsten og Wanja Söderbergs pris i 2000
- Klassikerprisen fra Norsk Designråd for Tripp Trapp 1995, for Håg Capisco 2001, og for Håg Balanse 2003[9]
- Nordiska Designpriset i 2007, som delast ut på møbelmessa i Stockholm
- Anders Jahres kulturpris 2008.[10]
- Jacobprisen 2012 for Tripp Trapp[11]
Bibliografi
endre- Peter Opsvik. Rethinking sitting. Gaidaros forlag, 2008. 206 sider. ISBN 978-82-8077-119-3
- Tysk utgave: Sitzen – anders betrachtet. Gaidaros, 2008. ISBN 978-82-8077-127-8
- USA: Rethinking sitting. New York: Norton & Co., 2009 ISBN 978-0-393-73288-7
- Japan: "Suwaru" o kangae naosu : isu no seikatsu ni kakushinteki na kinôsei dezain. Gaia Bukkusu, 2009. ISBN 978-4-88282-730-6
- Peter Opsvik, Norge : Torsten och Wanja Söderbergs pris 2000. Lars Elton og Peter Opsvik. Göteborg: Röhsska museet, 2000. 31 sider. Parallell tekst på svensk og engelsk. ISBN 91-973017-3-6
Kjelder
endre- ↑ Peter Opsvik i Norsk biografisk leksikon
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Espeland, Webjørn (11. september 2022). «Mannen som endra barndommen». NRK. Henta 7. august 2024.
- ↑ Om «Tripp Trapp» på Stokkes nettsider Arkivert 10. november 2008 på Wayback Machine.
- ↑ Edin, Julia (18. juni 2024). «Peter Opsvik». Store norske leksikon (på norsk). Henta 7. august 2024.
- ↑ Ættebok for Stranda. Kommunen. 1964.
- ↑ 6,0 6,1 6,2 Espeland, Webjørn (11. september 2022). «Mannen som endra barndommen». NRK. Henta 9. juni 2023.
- ↑ Hammerø, Tor (18. juni 2024). «Eivind Opsvik». Store norske leksikon (på norsk). Henta 7. august 2024.
- ↑ Edin, Julia (18. juni 2024). «Peter Opsvik». Store norske leksikon (på norsk). Henta 7. august 2024.
- ↑ 9,0 9,1 norskdesign.no Søk i designpriser[daud lenkje]
- ↑ Breivik, Åge Andre (30. juni 2008). «Kulturpris til Peter Opsvik». NRK (på norsk bokmål). Henta 2. oktober 2024.
- ↑ norskform.no Arkivert 13. september 2012 på Wayback Machine., 4.9.2012 «Jacob-prisen til Peter Opsvik»
- Denne artikkelen bygger på «Peter Opsvik» frå Wikipedia på bokmål, den 3. oktober 2024.