Peter Thorvik
Peter Olai Sivertsson Thorvik (2. juli 1873–16. august 1965) var ein fiskar, arbeidar, fabrikkdrivar og mangeårig stortingsmann for sosialdemokratane og sidan Arbeidarpartiet, fødd i Dalsfjord på Sunnmøre og busett i Idd i Østfold.
Peter Thorvik | |
Fødd | 2. juli 1873 |
---|---|
Død | 16. august 1965 |
Parti | Arbeidarpartiet |
Liv og gjerningEndra
Thorvik var son til ein gardbrukar og fiskar på matrikkelgarden Torvik i Dalsfjord i Volda. Han dreiv sjølv fiske og arbeidde seinare som smed i Statens hamnevesen i åtte år. I 1904 slo han seg ned i Idd i Østfold. Han var maskinist ved steinhoggeri i Iddefjorden i 13 år og seinare seks år driftsstyrar ved Torvfabrikkene som låg ved Aspedammen. Han var vald inn i heradstyret frå 1908, sat i Idd formannskap 1911-37, varaordførar og siste fem åra ordførar i kommunen.
Frå 1922 til 1945 representerte han Østfold fylke på Stortinget, fyrst vald for Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti, etter samlinga i 1927 som representant for Arbeidarpartiet. Fram til 1930 var han på Stortinget medlem av Næringskomite nr 1, sidan 1931 av Sjøfarts- og fiskerikomiteen, formann i denne frå 1934. Sesjonen 1939/40 var han odelstingspresident. I den eigenskapen tok han del i dei forhandlingane presidentskapen på Stortinget førte sommaren 1940 med den tyske okkupasjonsmakta.
Åra 1925-47 var han styrar av Noregs Bank si avdeling i Halden. Han var elles ordførar i forstandarskapet i Idd Sparebank.
KjelderEndra
- Stortinget.no
- Avisa Møre, 29. juni 1943