Peter Wessel Tordenskjold

norsk sjøoffiser
(Omdirigert frå Peter Wessel)

Peter Wessel (fødd 28. oktoberjul./ 7. november 1690greg. i Trondheim, død i duell 12. november 1720 i Gleidingen i fyrstbispedømet Hildesheim i dagens Tyskland), populært kjend som Tordenskjold, var ein norsk sjøoffiser som gjorde teneste i den danske krigsflåten under den store nordiske krigen. Tordenskiold hadde ansvar for Skagerrak, Kattegat, kysten av Noreg og dei nordlege delane av Svenskekysten.[2]

Peter Wessel Tordenskjold

Peter Wessel Tordenskjold i 1719 av Balthasar Denner. Tilhøyrer Det Nationalhistoriske Museum på Frederiksborg Slot. Tordenskjold gav måleriet i gåve til broren Caspar Wessel. Museet kjøpte det på ein auksjon for 79 000 kroner i 1923.[1]
Fødd28. oktober 1690
Trondheim
Død20. november 1720
Gleidingen
LandDanmark-Noreg

Peter Wessel blei fødd i Trondheim som son av rådmann Jan Wessel. Som 14-åring rømte han heimefrå og segla med Fredrik IV sitt kongeskip til Kjøbenhavn. Han var allereie som 15-årig skipsgut på ei reise til Dansk Vestindia, og blei utnemnd til sjøkadett ved Holmens Kadettskole i 1709. I 1712 blei han kommandør på den nybygde fregatten «Løvendals Galej» på 20 små kanonar, som han kort etter erobra eit svensk kaperfartøy med.

Wessel blei adla i 1716 under namnet Tordenskiold, og same år vann han ein oppsiktsvekjande siger ved Dynekilen, der ein svensk forsyningsflåte blei øydelagd. Det verka sterkt med til at Karl 12. måtte gje opp forsøket sitt på å erobre Noreg. Han blei øvstkommanderande for Kattegateskadren, og i 1719 erobra han Marstrand og øydela kort etter resten av den svenske flåten i Göteborg.[3] Etter det blei han utnemnd til viseadmiral, men det var samtidig avslutninga på krigen, og med det Tordenskjold sin store periode.

Han blei drepen i 1720 under ein duell med kårde i Hildesheim i Tyskland, etter ein krangel med Jacob Axel Staël von Holstein, ein oberst som tidlegare hadde vore i svensk teneste. Denne duellen skulle ifølgje historia eigentleg kjempast med pistol, men von Holstein fekk sekundanten som skulle ta med seg pistolane til ikkje å møte opp. Dette førte til at duellen blei kjempa med dei våpna duellantane hadde med seg. Tordenskjold hadde berre ein pyntekårde på seg medan von Holstein hadde ein kampkårde.

Tordenskjold er i dag ein viktig figur i den norske marinen si historie. Marineskulen KNM Tordenskjold er kalla opp etter han og fødselsdagen hans vert feira kvart år.

Kjelder endre

  1. Peter Wessel Tordenskiold frå Den Store Danske
  2. Viken, Øystein Lydik Idsø; Allkunne; Mardal, Magnus A. (5. juli 2022). «Peter Wessel Tordenskiold». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  3. «Peter Wessel Tordenskiold | lex.dk», Den Store Danske (på dansk), henta 23. september 2022 

Bakgrunnsstoff endre