Pianokonsert nr. 20 av Mozart

Pianokonsert nr. 20 i d-moll, K. 466, vart komponert av Wolfgang Amadeus Mozart i 1785. Han vart først framført på Mehlgrube Casino i Wien den 11. februar 1785, med komponisten sjølv som solist.[1]

Pianokonsert nr. 20 i d-moll
K. 466
Pianokonsert av Wolfgang Amadeus Mozart
PeriodeWienerklassisismen
Komponert1785
Urframføring11. februar 1785
Typisk lengd31:08
Satsar/akter3
Toneartd-moll
Neuer Markt i Wien med Capuchinkyrkja og Haus zur Mehlgrube til høgre, måleri av Canaletto, 1760

Bakgrunn endre

Eit par dagar etter den første framføringa skreiv faren Leopold til dottera Nannerl om den nylege suksessen til broren.

Verket er skrive i d-moll. Andre verk av komponisten i denne tonearten er Fantasi K. 397 for piano, Rekviem, ein kyrie og delar av den mørke operaen Don Giovanni. Det er den første av to solokonsertar skriven i moll (den andre er nr. 24).

Den unge Ludwig van Beethoven beundra denne solokonserten og spelte han i repertoaret sitt.[1] Den kjende dirigenten Daniel Barenboim hevda at denne konserten var favorittmusikkstykket til Josef Stalin.[2]

Satsar endre

Konserten er skriven for solo piano, fløyte, to oboar, to fagottar, to valthorn, to trompetar, pauke og strykarar. Som typisk for ein solokonsert, er han skriven i tre satsar:

  1. Allegro
  2. Romanze
  3. Allegro assai

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Piano Concerto No. 20 (Mozart)» frå Wikipedia på engelsk, den 10. juni 2011.
  • Girdlestone, C. M. Mozart's Piano Concertos. Cassell, London.
  • Hutchings, A. A Companion to Mozart's Piano Concertos, Oxford University Press.
  • Mozart, W. A. Piano Concertos Nos. 17-22 in full score. Dover Publications, New York.
  • Steinberg, M. The Concerto: A Listener's Guide, Oxford (1998)

Bakgrunnsstoff endre