Grottefuglar
Grottefuglar er ei lita biologisk slekt Picathartes av to fugleartar innan familien Picathartidae funne i regnskogane i tropisk Vest- og Sentral-Afrika. Dei har nakne hovud med kraftige farger, og lever av insekt og virvellause dyr plukka frå fuktige område. Begge artane er standfuglar, og er avhengig av eit spesialisert habitat i jungel med berg eller stein.
Grottefuglar | |
Gulhovudgrottefugl Picathartes gymnocephalus | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av Grottefuglar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Picathartidae |
Slekt: | Grottefuglar Picathartes Lesson, 1828 |
Skildring
endreGrottefuglar er store, 33-38 cm lange sporvefuglar med kråkeliknande svart nebb, lang hals, hale og bein. Dei veg mellom 200 og 250 gram. Dei sterke føtene og gråe beina er tilpassa terrestriske rørsler. Vengene er lange, men blir sjeldan brukt for lange flygingar. Fjørdrakta på kropp og venger er mykje like for dei to artane, med lyst bryst, lys underside og mørkare grå og gråsvarte venger, rygg og stjert. Men farga på halsen varierer mellom artane, likeins skil farga på hovudet artane, noko som speglast i dei norske artsnamna deira, gulhovudgrottefugl og blåpannegrottefugl. Hovudet er fjørlaust med fargerik, mønstra hud.
Åtferd
endreFøda til grottefuglar er sett saman av eit breitt spekter av virvellause byttedyr. Byttedyra inkluderer ei rekkje insekt, særleg biller, termittar og maur, så vel som tusenbein, skolopendrar, meitemark og sniglar. Froskar og øgler blir òg tatt, men desse blir stort sett mat til ungar. Dei kan òg ta byttedyr i tre og kan dessutan søkje etter krabbar i grunt, rennande vatn. Når dei beitar på bakken nyttar dei det lange nebbet til å snu blad og gripe byttet, føtene blir aldri brukt til dette. Begge artane vil følgje maursvermar for å snappe byttedyr som flyktar frå maurane.
Begge artane av grottefuglar hekkar sesongmessig i regntida. Om eit område har to regntider gjennom eit år vil dei hekke to gonger i året. Trass rapportar om kooperativ hekking er det no antatt at dei er utelukkande monogame. Dei er ofte rapporterte å vere kolonihekkarar, og vil hekke i koloniar på opp til sju par, men det mest vanlege er einslege hekkepar og mindre koloniar med berre to par. Reiret er festa til taket i ei hòle eller under overhengande fjell. Det er koppforma med struktur av tørka blad, kvister og plantefibrar bakt inn tørka gjørme. Kullet er på to egg. Begge foreldra deltar i ruginga, kvar rugeøkt er på eit halvt døgn, det tar rundt 20 dagar til klekking. Ungane er nesten nakne og hjelpelause ved klekking, og treng rundt 25 dagar på å bli flygedyktige.
Artane
endre- Gulhovudgrottefugl, Picathartes gymnocephalus
- Blåpannegrottefugl, Picathartes oreas
Kjelder
endre- Denne artikkelen byggjer på «Picathartes» frå Wikipedia på engelsk, den 28. januar 2011, denne referansen var gjeven:
- Thompson, Hazell (2007). «Family Picathartidae (Picathartes)». I Del Hoyo, J.; Elliot, A.; Christie D. Picathartes to tits and chickadees. Handbook of the Birds of the World. Band 12. Barcelona: Lynx edicions. ISBN 978-84-96553-42-2.
- Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
Bakgrunnsstoff
endre- Videoar, bilete og lydopptak av grottefuglar hos Internet Bird Collection