Pipipi

art av sporvefuglar
Pipipi
Pipipi Litografi av John Gerrard Keuleman, public domain
Pipipi
Litografi av John Gerrard Keuleman, public domain
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Mohouidae
Slekt: Mohoua
Art: Pipipi M. novaeseelandiae
Vitskapleg namn
Mohoua novaeseelandiae

Pipipi, Mohoua novaeseelandiae, er ein sporvestor fugl som flyttar seg fort rundt i habitatet sitt av skog og krattskog med mykje læte. Han er endemisk for New Zealand og lever berre på Sørøya og Stewart Island/Rakiura. Artsnamnet pipipi kjem frå språket maori, og er det same på engelsk språk jamvel om 'Brown Creeper' er ei vanleg engelske nemning på New Zealand.[1]

Skildring endre

Pipipiane si fjørdrakt har raudbrun oversida frå panne til haletipp, men ikkje over nakken som saman med andletet er oskegrå. Heile undersida er lys gulbrun med eit mørkt band mot haletippen. Ein kvit flekk bak auget er svært liten. Dette er ein sporvefugl med lengd på 13 centimeter og vekta er ca. 13,5 og 11 gram for hannar og hoer høvesvis. Kjønna er elles like og ungfuglar har òg same fjørdrakta.

Pipipiar er vanlegvis standfuglar og paret vernar eit territorium året rundt, unnatak er fuglar som hekkar i stor høgd og som trekker til lågare høgd om vinteren. Hannar har varierande og individuelle songar som kan innehalde både melodiske fløytetonar og harde tonar, eit læte kan vere 'tji-ro-ri-ro-ri-ri'. Hoa kan synge i duett med ein hannfugl, og har eit variert repertoar av triller og harde tonar.

Paret byggjer eit djupt koppforma reir av vegetasjon og er fôra med tørt gras, ull og fjører, reiret er lagt oppe i trekroner eller i tett kratt. Hoa legg 3 egg som ho rugar i ca. 19 dagar. Ungane kan flyge etter 18-22 dagar og kan formeire seg frå og med neste sesong. Pipipiar i sørlege delen av utbreiingsområdet blir ofte parasittert av gaukearten langhalekoel. Forventa levealder for pipipi er fem år.

Populasjonen lever spreidd og er avgrensa til Sørøya, Stewart Island/Rakiura og på øyar nær sistnemnde, slik som Codfish Island. På Sørøya er dei mest vanleg nord og vest for Søralpane. Dei lever i opphavleg skog, krattskog, og i plantasjar som til dømes i furuskog i Nelson på New Zealand. Ved Dunedin lever dei i opphavleg skog. Utbreiinga kan gå opp til tregrensa.

Pipipiar beitar på ulike artar av virvellause dyr, som edderkoppar, fluger, sommarfugllarver, møll og biller. Dei tar byttet ved å plukke frå bladverk og frå smågreiner på alle høgnivå i skogen[2] og går sjeldan ned på bakken. Under beiting kan dei opptre akrobatiske og henge opp ned under ei grein. Dei kan variere dietten med insekt under laus bork og supplere med små mengd av moden frukt ved høve.

Populasjonen av pipipi gjekk ned med europeisk busetting på New Zealand etter øydelegging av låglandsskog og innføring av predatorar. Storleiken av bestanden er ikkje kjent, han reknast ikkje som trua og storleiken på populasjonen er trudd å vere stabil.

Kjelder endre

  • Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005

Referansar endre

  1. Paul Scofield, Brent Stephenson (2013). Birds of New Zealand: A Photographic Guide]. Auckland University Press - The University of Auckland. ISBN 978-1-86940-733-9. 
  2. Colin F.J. O’Donnell og Dilks, Peter J. Foods and Foraging of Forest Birds in Temperate Rainforest, South Westland, New Zealand Arkivert 2013-02-09 ved Wayback Machine., New Zealand Journal of Ecology, Vol. 18, No. 2, 1994. Henta 2. oktober 2012

Bakgrunnsstoff endre