Langhalekoel
Langhalekoel, Eudynamys taitensis, er ein gaukeart som hekkar i biotop med skog på New Zealand og overvintrar på tropiske øyar i vestlige Stillehavet. Som nokre andre gaukar, praktiserer langhalekoelen reirparasittisme og utnyttar mohuaer til vertar for fostring av avkommet sitt.
Langhalekoel | |
Langhalekoel Litografi av John Gerrard Keuleman, public domain | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Gaukefuglar Cuculiformes |
Familie: | Gaukefamilien Cuculidae |
Slekt: | Urodynamis |
Art: | Langhalekoel U. taitensis |
Vitskapleg namn | |
Urodynamis taitensis |
Skildring
endreMedrekna den lange halen er langhalekoel litt lengre enn arten gauk i Europa, 40 centimeter og han veg 125 gram. Langhalekoelen har mørkbrun overside med svarte tverrstriper, andlet og underside er lys gulbrun med mørke eller svarte striper. Ungfuglar er generelt lysare med kvite flekker på oversida.
Langhalekoelar er sterke flyttfuglar, all hekking går føre seg på hovudøyane av New Zealand og på mindre øyar i landet som er skogkledde og har bestand av vertsfuglar for egg og ungar, slik som til dømes på Stewart Island/Rakiura, Little Barrier Island og Kapiti Island. I januar til april trekker alle langhalekoelar nordover til Stillehavsøyar i området mellom Bismarckarkipelet utanfor Ny-Guinea i vest til Marquesasøyane og Tuamotuøyene i Fransk Polynesia i aust. Under trekket kan dei passere austkysten av Australia. Dei flyttar sør igjen til tidleg oktober og kjem fram til same geografiske hekkeområdet som førre året. Fuglane er mykje vokale både i hekketida og under trekket.
Kvithovudmohua i nord, og gulhovudmohua og pipipi i sør, er dei føretrekte vertsfuglane for langhalekoel. Dei legg berre eit egg i kvart vertsreir, egget er større enn mohuaegga og rugetida er kort, ca. 16 dagar, slik at gaukungen kastar ut dei andre egga eller ungane frå reiret når gaukeegget er klekt. Langhalekoelungen blir fôra av vertsparet og hjelparane deira i minst fire veker, jamvel om dei er flygedyktig etter tre veker. Ungfuglane held seg truleg i vinterkvarteret i tropane gjennom den første sommaren.
Langhalekoelar beitar primært på store virvellause dyr, men òg små skjelkrypdyr, fugleegg og fugleungar, og dessutan frukt ved høve.
Storleiken av bestanden er ikkje kjent, han reknast ikkje som trua, men er trudd å vere minkande.[1]
Dette er ein gaukeart med uklåre taksonomiske relasjonar,[2] etter Clementslista er han medlem av slekta Eudynamys.[3]
Kjelder
endre- Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005
Referansar
endre- ↑ BirdLife International (2012) Species factsheet: Eudynamys taitensis Arkivert 2016-03-05 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 6. oktober 2012
- ↑ IOC World Bird List har sett inn arten i si eiga slekt Urodynamis: http://www.worldbirdnames.org/n-hoatzin.html Arkivert 2013-04-13 ved Wayback Machine. Henta 6. oktober 2012
- ↑ Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood (september 2012), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.7 (Excel spreadsheet), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2012
Bakgrunnsstoff
endre- Christina Troup. Small forest birds - Page 9 – Cuckoos, Te Ara - the Encyclopedia of New Zealand