Grev Pjotr Aleksandrovitsj Rumjantsev-Zadunajskij (15. januar 172519. desember 1796) var ein av dei fremste generalane i Russland på 1700-talet. Han styrte Vesle-Russland for tsarinne Katarina den store frå Hetmanatet vart avskaffa i 1764 fram til Katarina døydde 32 år seinare. Monument til ære for sigrane hans er mellom anna Kagulobelisken i Tsarskoje Selo (1772), RumjantsevobeliskenVasilievskijøya (1798–1801), og at Derzjavin skreiv mange hyllingsdikt om han.

Pjotr Rumjantsev

Fødd4. januar 1725
FødestadStroiești
Død8. desember 1796
DødsstadTasjan
Andre namnПётр Александрович Румянцев-Задунайский
Rangpodporutschik, kaptein i forsvaret, oberst, generalmajor, general en chef, generalfeltmarskalk
Eininghær
KonfliktarDen russisk-svenske krigen 1741-1743
Adelstittelgreve

Peter var den einaste sonen til grev Aleksander Rumjantsev og Maria, dotter og arving til grev Andrej Matvejev. Mor hans var mykje saman med Peter den store og det gjekk rykte om at den unge Rumjantsev var den uekte sonen til tsaren. Han vart kalla opp etter Peter den store, som var gudfaren hans.

Rumjantsev gjekk inn i militærteneste i den russisk-svenske krigen 1741-1743. Han bar personleg Åbo-traktaten til tsarinna, og vart slik forfremma til oberst.

Han hadde suksess under sjuårskrigen (1756-1763) i Gross-Jägersdorf (1757) og Kunersdorf (1759). I 1761 omleira han og erobra den pommerske festninga Kolberg og la slik vegen open for den russiske armeen til Berlin.

Rumjantsevobelisken (1799-1801) vart flytta frå Marssletta til St. Andreaskatedralen av Carlo Rossi i 1818.

Så lenge Katarina den store regjerte, tente Rumjantsev som øvste guvernør i Ukraina. I dette embetet, som faren òg hadde hatt, prioriterte han å fjerne alt sjølvstyre som hetmanen hadde hatt og innlemme dei nyerobra områda i Det russiske imperiet. Somme anklagar han for å ha fremma liveigenskap i Ny-Russland, men valet av ein slik politikk stod utanfor hans kontroll.

den russisk-tyrkiske krigen braut ut i 1768, tok Rumjantsev kommando over ein arme som vart send for å erobre Azov. Han slo tyrkarane grundig i slaga ved Larga og Kagula, kryssa Donau og rykte fram til Romania. For desse blendande sigrane vart han forfremma til feltmarskalk og fekk sigerstittelen Zadunajskij (som tyder «på andre sida av Donau»). Då styrkane hans nådde Shumla i 1774, fekk den nye sultanen Abdul Hamid I panikk og bad om fred. Rumjantsev signerte avtalen på ei militærtromme i landsbyen Küçük Kaynarca.

Rumjantsev var no ein vidkjend russisk kommandant. Andre generalar under Katarina den store var visstnok så sjalu på suksessen til Rumjantsev at dei ikkje ville la han få kommando igjen, ein av dei Potemkin. I fredstid skreiv Rumjantsev om dei nyskapande taktikkane sine i Instruksjonar (1761), Skikk i militærtenesta (1770) og Tankar (1777). Desse verka vart teoretisk grunnlag for omorganiseringa av den russiske armeen som Potemkin gjorde.

Under den andre russisk-tyrkiske krigen mistenkte Rumjantsev at Potemkin med vilje heldt tilbake forsyningar til armeen hans og trekte seg som kommandør i protest. I det polske felttoget i 1794 vart han igjen øvstkommanderande, men det var rivalen hans Aleksandr Suvorov som faktisk førte armane i kamp. I dette tilfellet brydde ikkje ein gong Rumjantsev om å forlate heimen sin i Tasjan, som han hadde ombygd til ei festning. Han døydde der 8. desember 1796, fleire månader etter Katarina døydde, og vart gravlagd i Petsjersk Lavra i Kiev.

Kjelder endre