Den russisk-svenske krigen 1741-1743

Den russisk-svenske krigen 1741-1743 (svensk hattarnas ryska krig) braut ut i 1741Sverige under hattpartiet og fransk diplomatisk påverknad erklærte krig mot Russland. Ein svensk armé under Charles Emil Lewenhaupt skulle gjenerobra områda som dei hadde tapt til Russland under den store nordiske krigen (m.a. Karelen og Estland). Krigen var mislukka, mellom anna sidan svenskane hadde førebudd seg dårleg, både arméen og flåten var undertalige russarane og svenskane var både dårleg utrusta og trente.

Den russisk-svenske krigen
1741-1743

Dato 1741 - 1743
Stad Aust-Finland og Skjergardshavet.
Resultat Russisk siger; Freden i Åbo
Partar
Sverige Sverige Russland
Kommandantar
Sverige Charles Emil Lewenhaupt Peter von Lacy
Styrkar
18 000 mann 26 000 mann
Tap
7000 døde, såra eller tekne til fange ukjend

Forløp endre

Sverige erklærte krig 8. august 1741 med 8000 svenske og finske soldatar ved den russiske grensa, nær Villmanstrand og Fredrikshamn. Målsettinga var å truga den russiske hovudstaden St. Petersburg og utløyse eit statskupp. Kuppet var planlagt av franske og svenske diplomatar, og planen var å styrte Anna Leopoldovna, som var venleg innstilt mot Austerrike. Kuppet vart gjennomførst i desember, men den nye tsarinna, Elisabeth av Russland, sveit løfte sitt om å overføre landområda tilbake og heldt fram krigen.

Trugselen mot den russiske hovudstaden hadde enda alt 3. september då 20 000 russarar under feltmarskalk Peter von Lacy avanserte frå Viborg mot Villmanstrand og slo den svenske hærføraren Charles Lewenhaupt. I juni 1742 hadde den 35 000 mann sterke russiske arméen lukkast å tvinge 17 000 svenskar bort frå Fredrikshamn. Lewenhaupt sin posisjon vart så tvinga tilbake til Helsingfors. I august gjekk Lacy inn i Borgå og Nyslott, og omringa den svenske hæren nær Helsingfors. Den 19. august fekk Lewenhaupt og Buddenbrock ordre om å kome seg tilbake til Stockholm. Leinga vart no overført til oberst Jean Louis Bousquet. Han teikna under kapitulasjonen 24. august. Den russiske hæren erobra seinare heile Finland i det som er vorte kalla den vesle ufreden.

Etter at den russiske hæren hadde tatt Åbo kom Aleksander Rumjantsev og Ernst Nolken saman for å diskuterte eit fredsforslag. Tsarinna lovde å forlate Finland på vilkår at Adolf Fredrik, som hadde slekt inngift i tsarfamilien, skulle utnemnast til tronarving. Hattarane gjekk med på forslaget i håp om at Adolf Fredrik skulle få betre fredsvilkår frå tsarinna.

Medan fredsforhandlingane drog ut, øydela den russiske flåten ein svensk flotilje nær Korpo. Lacy følgde opp sigeren med å segle frå Kronstadt og gjere eit åtak på mot det svenske fastlandet, noko han hadde erfaring frå den store nordiske krigen. Då flåten hans nærma seg Umeå i 1743 kom omsider nyhendene om Freden i Åbo.

Etterkvernad endre

Med Freden i Åbo mista Sverige nok eit landområde i Finland til Russland. Sverige fekk no ei landegrense som var vanskelegare å forsvare, noko som skulle kome til syne 65 år seinare. Lewenhaupt vart avretta på grunn av at han mislukkast med felttoget.

Sjå òg endre

Kjelder endre