Plantefarging

(Omdirigert frå Plantefargar)

Plantefarging er farging av tekstile materiale med fargestoff vunne ut frå plantar. Fram til midten av 1800-talet blei alle tekstilar farga med naturfargar som stamma frå plante-, sopp- eller dyreverda. Sidan då har plantefargestoffa gradvis blitt erstatta av syntetiske fargestoff, og plantefarging blir no mest drive som ein hobbyaktivitet.

Plantefarging på Skansen
Plantefarga ullgarn.
Teppe (vepa) i plantefarga ull.

Historie

endre

Kunsten spreidde seg frå Asia og Nord-Afrika og er funne dokumentert i Norden gjennom bronsealderfunn av farga ulltøy.

Historia om plantefarging byrja truleg med fønikarane, som i tusenåret f.Kr. utvikla den vanskelege kunsten med å farga med purpur. I det gamle Hellas kjente ein òg til kunsten med å farga tyrkisk raudt, karmosinraud, skarlagenraud og krappraud. Blått blei farga med vaid og gult med safran og fargereseda. I Pompeii har ein funne gamle purpurfargar med glasflaskar som inneheldt fargestoff.

I 1540 kom det ut ei bok om farging i Venezia, Plictho del arte de tentori ('Forklaring av kunsten å farga'), som blei viktig i heile Europa. Under den seinare utviklinga av tekstilproduksjonen i Flandern blei det gjeve ut ei viktig handbok i tekstilfarging, Tbouk va Woudre ('Boka om under') i Brussel i 1513.

I Europa blei indigo vunne ut frå vaid, men handelen med indigoplanten på 1600- og 1700-talet utkonkurrerte til slutt vaiddyrkinga. Andre plantefargestoff som blei brukt lenge i Sverige er kermeskorn (raudt) og mjølbær (gult).

Metode

endre

På hobbynivå kan ein farga med plantar på eit vanleg kjøkken, men mange vel å gjera det utandørs med gamle vaskebaljar og rik tilgang til mjukt sjø- eller elvevatn.

Garnet ein skal farga blir vaska med såpeløysing og lagt i vassbad for å bli mottakeleg for farging. Så blir garnet lag i eit kokande eller heitt vassbad med fargestoffet ein vil nytta. I nokre tilfelle blir garnet også etterbehandla. Det same såpebadet og fargebadet kan brukast fleire gonger, med ulike effektar på farginga. Ein kan nytta opptil tre bad av same grunnmateriale.

Metall i visse kar kan påverka det endelige resultatet. Glas, emalje og rustfritt stål har ingen effekt, medan kar av jern, kopar, aluminium og fortinna kopar påverkar fargen.

Galleri

endre

Kjelder

endre