Mellomaldermarknad
Mellomalderfestival eller mellomaldermarknad er ei tilstelling inspirert av mellomalderen og perioden rundt han. Ei slik tilstelling kan ha form som ein utandørs marknad med buer som sel varer og mat, gjøglarar, musikk, kampar eller riddarturneringar og andre historiske kostyme og framsyningar. Ein har gjerne slike tilstelllingai sommarhalvåret på torg i byar eller passande marker. Dei varer typisk ei helg, men det finst òg marknadar som varer i berre ein dag og andre som kan vara ei heil veke.
Mellomaldermarknader omfattar normalt eit stort tal personar i drakter som kan vera laga etter mellomaldermønster eller med inspirasjon frå dei. Andre går i klede utan historisk tilknyting, men som er inspirerte av film om perioden. Reenacterar kan utøva handverk, teater, spela musikk, gjøgla og visa fram våpen eller kampar. Nokre marknader har telt der dei medverkande kan overnatta.[1]
Nokre marknader blir haldne på historiske stader, som borger og torg i mellomalderbyar.
Mellomaldermarknader i Noreg
endreNokre norske mellomaldermarknader er Hamar Middelalderfestival, halden av Anno Museum,[2] Oslo Middelalderfestival ved Akershus festning,[3] Tønsberg Middelalderfestival, Re Middelalderdagene og Middelalderuka i Numedal.
Mellomaldermarknader i Danmark
endreMange danske byar har mellomaldermarknader. Det største er Europæisk Middelalderfestival i Horsens med rundt 60 000 vitjande.[4] Ein av dei andre store markndane er Københavns Mellomaldermarked i Valbyparken. I 2013 hadde dette knappe 23 600 besøkande og 900 aktørar.[5] Det finst også marknader i m.a. Nyborg, Nysted (2009-2019) Viborg og ved fleire historiske stader som Esrum Kloster, Æbelholt Kloster, Spøttrup Borg, Kalø Slottsruin[6] og Voergaard Slott.[7][8][9][10][11]
Fleire friluftsmuseum held òg mellomaldermarknader. Nokre døme finn ein ved Brøndby Mellomalderlandsby i Brøndby, Hvolris jernalderlandsby i Møldrup vest for Hobro, Ulvsborg Historisk Værksted i Asnæs på Nordvestsjelland og Middelaldercentret ved Nykøbing Falster.[8][12]
Renaissance fairs i USA
endreMarknadane er svært populære i USA, der dei blir kalla renaissance fairs. Dei har meir karakter av ein moropark enn ein mellomaldermarknad i Europa, der formålet ofte er living history med eit element av utdaning. Autentisitet kan variera mykje, og varetilbodet er ofte forma av meir kommersiell karakter enn historisk korrektheit.[13] Sjølv om hovudfokus som regel er mellomalder, kan slike marknader òg visa til andre periodar kring mellomalderen som vikingtid, renessanse eller sjørøvarar frå 1600-1700-talet. I Storbritannia er tudortida, perioden kring Henrik VIII og Elizabeth I av England, populære. Nokre marknader kan òg ha laiv-rollespel,[14] og nokre kan òg ha fantasyelement som trollmenn, alvefolk og kentaurar.
I USA finst det permanente temaparkar med marknader.[15]
Kjelder
endre- ↑ «Louisiana», Renaissance Festival, arkivert frå originalen 8. juni 2007, henta 29. december 2014.
- ↑ «Om festivalen - Hamar middelalderfestival», middelalderfestival.no (på norsk), henta 8. oktober 2022
- ↑ «Oslo Middelalderfestival 2022 - 26. -29. mai - Akershus Festning», Oslo middelalderfestival (på norsk bokmål), henta 8. oktober 2022
- ↑ Festivalen kort fortalt Arkivert 29. december 2014 ved Wayback Machine.. Europæisk Middelalderfestival. Hentet 29/12-2014
- ↑ Københavns Middelaldermarked Arkivert 29. desember 2014 ved Wayback Machine.. Have Kommunikation. Hentet 29/12-2014
- ↑ Kong Menveds Marked Arkivert 29. desember 2014 ved Wayback Machine.. Kalø Slot 700. Hentet 29/12-2014
- ↑ Nysted lukkede i 2019.Nysted Middelalderfestival er lukket. Nysted Avis
- ↑ 8,0 8,1 MiddelalderInfo's arrangement oversigt for 2014 med middelaldermarkeder i Danmark, Sverige, Norge og Tyskland. Middelalderinfo.dk. Henta 29. desember 2014
- ↑ Klostermarked. Hillerød Bymuseum. Hentet 29/12-2014
- ↑ Bispens Marked Arkivert 29. december 2014 ved Wayback Machine.. Skiveegnens Erhvervs- og Turistcenter. Henta 29. desember 2014
- ↑ Middelalderdage på Voergaard. Middelalderdage.dk. Henta 29. desember 2014
- ↑ Markeder Arkivert 21. september 2013 ved Wayback Machine.. Middelaldercentret. Henta 29. desember 2014
- ↑ Torvet Arkivert 10. februar 2015 ved Wayback Machine.. Guldborgsund Gildet. Hentet 29/12-2014
- ↑ Institutioner Arkivert 29. december 2014 ved Wayback Machine.. Københavns Middelaldermarked. Hentet 29/12-2014
- ↑ «State fairgrounds could benefit from fuller calendar», Battle Creek Enquirer, 5. september 2007[daud lenkje].
- Denne artikkelen bygger på «Middelaldermarked» frå Wikipedia på dansk, den 8. oktober 2022.