Stuttvenger

slekt av sporvefuglar
(Omdirigert frå Pnoepyga)
Stuttvenger
Skjelstuttveng, Pnoepyga albiventer Foto: Francesco Veronesi
Skjelstuttveng, Pnoepyga albiventer
Foto: Francesco Veronesi
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Underorden: Passeri
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Sylvioidea
Familie: Pnoepygidae
Slekt: Stuttvenger Pnoepyga
Hodgson, 1844

Stuttvenger, Pnoepyga, er ei biologisk slekt av fem artar sporvefuglar endemisk for sørlege og søraustlege Asia. Slekta har lenge vore plassert i timalfamilien Timaliidae. Ein DNA-studie i 2009 av fuglar frå familiane Timaliidae og Sylviidae fann inga støtte for plasseringa av Pnoepyga-slekta i nokon familie, og forfattarar gav derfor framlegg om å oppføre slekta i ein ny monogenerisk familie, Pnoepygidae.[1] Familien har fått det norske namnet stuttvengfamilien, bokmål stuttvingefamilien.

Denne litle slekta har ei vid utbreiing i høgtliggjande delar av Sør- og Søraust-Asia. Skjelstuttveng er funnen i fjellområda i Nord-India austover til sørlege Kina og det nordlege Vietnam. Taiwanstuttveng er endemisk for Taiwan, og tilsvarande har nepalstuttveng ei utbreiing avgrensa til hovudsakleg Nepal og litt inn i India. Den mest utbreidde arten er dvergstuttveng, som lever frå Kina og India sørover gjennom Søraust-Asia ut mot Den malaysiske halvøya og Indonesia så langt som til Flores og Timor.[2]

Artslista endre

Pnoepyga i rekkjefølgje etter eBird/Clements Checklist v2017[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[4]

  • Skjelstuttveng, Pnoepyga albiventer, Scaly-breasted Cupwing, Hodgson, 1837, (LC)
  • Sichuanstuttveng, Pnoepyga mutica, Chinese CupwingThayer & Bangs, 1912
  • Taiwanstuttveng, Pnoepyga formosana, Taiwan Cupwing, Ingram, 1909, (LC)
  • Nepalstuttveng, Pnoepyga immaculata, Immaculate Cupwing, Martens & Eck, 1991, (LC)
  • Dvergstuttveng, Pnoepyga pusilla, Pygmy Cupwing, Hodgson, 1845, (LC)

Kjelder endre

Referansar endre

  1. Gelang, Magnus; Cibois, Alice; Pasquet, Eric; Olsson, Urban; Alström, Per; Ericson, Per G. P. (2009). «Phylogeny of babblers (Aves, Passeriformes): major lineages, family limits and classification». Zoologica Scripta 38 (3): 225–236. doi:10.1111/j.1463-6409.2008.00374.x. 
  2. Collar, N. J. & Robson, C. 2007. Family Timaliidae (Babblers) pp. 70 - 291 in; del Hoyo, J., Elliott, A. & Christie, D.A. eds. Handbook of the Birds of the World, Vol. 12. Picathartes to Tits and Chickadees. Lynx Edicions, Barcelona.
  3. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2017 
  4. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Stuttvenger