Opna hovudmenyen

Popol Vuh frå Noreg

norsk rockeband
Denne artikkelen handlar om musikkgruppa frå Noreg. For andre tydinar, sjå Popol Vuh (fleirtyding).

Popol Vuh (seinare Popol Ace) var eit populært norsk progressivt rockeband1970-talet. De hadde suksess med låtane «All We Have Is the Past», «Queen of All Queens» og «Music Box». Bandet fekk Spellemannprisen i 1972 i kategorien beste gruppe. Bandet skifta i 1975 namn til Popol Ace for å unngå konflikt med det tyske bandet Popul Vuh. Gruppa gav ut ein LP til, Curly Sounds, etter at vokalisten Jahn Teigen slutta for å satse på ein solokarriere, men Popol Vuh vart ikkje det same som før. Fansen svikta etter eit tydeleg stilskifte til det kommersielle, og bandet vart oppløyst.

Popol Vuh (seinare Popol Ace)
OpphavOslo
Periode1971-1978, seinare gjenforeiningskonsertar
SjangerProgressiv rock
Siste medlemmerJahn Teigen, Arne Schulze, Pete Knutsen, Terje Methi, Thor Andreassen
Tidlegare medlemmerPjokken Eide, Asbjørn Krogtoft
PrisarSpellemannprisen for årets gruppe
Jahn Teigen, vokalist i Popol Vuh

I 1994 gjennomførte Popol Ace, med Jahn Teigen som vokalist, ein landsomfattande turne i samband med utgjevinga av samleplata Cat of 9 Tales. Dei hadde òg ei gjenforeining i 2003 i samband med konsertar arrangert saman med Kringkastingsorkesteret.

Innhaldsliste

HistorieEndra

Knutsen, Methi og Andreassen hadde spelt i lag i Kirkenes-bandet The Scavers, Schulze i instrumentalbandet The Quivers, og alle seks hadde bakgrunn frå nimannsbandet Arman Sumpe d.e., som berre gav ut ein singel i 1972.

Popol Vuh spelte melodiøs, virtuos progressiv rock på det kritikarroste debutalbumet Popol Vuh (1972), som gav dei Spellemannprisen. Eide slutta før utgjevinga av det neste albumet, Quiche Maya i 1973. Namnet Popol Vuh hadde vore brukt sidan 1969 av eit tysk band, og då Polydor Records i 1975 ville lansere nordmennene i utlandet, bytta dei namn til Popol Ace. Frank Zappa bad utan å lukkast om å få gje ut platene deira i USA, og Teigen sa nei til å bli ny vokalist i Genesis etter Peter Gabriel. Albumet Stolen From Time (1976) vart spelt inn i Frankrike og nådde sjuande plass i Noreg.

Teigen slutta i bandet for å satse på solokarrierne sin og på Prima Vera. Den etablerte soloartisten Asa Krogtoft, som hadde sunge i bandet 1-2-6 var vokalist på Curly Sounds i 1978, men denne fekk dårleg mottaking av både fans og kritikarar. Popol Ace vart oppløyst like etter. Schulze vart filmlyd-designar i USA og Knutsen, Methi og Andreassen fortsette karrierane sine som studiomusikarar.

I 1994 drog dei fire og Teigen på gjenforeiningsturné, og i 2003 spelte Popol Ace nokre konserter med Kringkastingsorkestret.

MedlemmarEndra

DiskografiEndra

KjelderEndra