Asbjørn Krogtoft

Asbjørn Sverre Krogtoft (fødd 13. august 1948 i Bø i Vesterålen) er ein norsk popartist, visesongar, komponist og produsent, mest kjend under artistnamnet «ASA». Han er kjend for ein av dei mest populære og anerkjende komposisjonane innanfor norsk pop/rock, «Graveyard Paradise». ASA var frontfigur i gruppene 1-2-6 og Taboo før han fortsette platekarrieren som soloartist. I 1969 hadde han stor suksess med singlen «Rekkene». Året etter tok han fatt på utdanninga si ved Narvik ingeniørhøgskole.[1]

Asbjørn Sverre Krogtoft
Fødd13. august 1948
FødestadBø i Vesterålen
FødenamnAsbjørn Sverre Krogtoft
AliasASA, asanova.no
OpphavNoreg
SjangerRock, pop, visesong
InstrumentVokal, gitar
Verka somMusikar, produsent, komponist

«Graveyard Paradise» og supergruppe endre

Han vart først kjend gjennom popgruppa 1-2-6 og singelen «Graveyard Paradise», som raste inn på hitlistene i august 1967. Han danna så rockegruppa Taboo, som fekk ein forholdsvis kort karriere. Dei rakk likevel å spele inn nokre singelplater. Like før gruppa vart oppløyst kom Sverre Kjelsberg frå The Pussycats og Arne Schulze frå The Quivers (og seinare Popol Ace) inn som medlemmer av Taboo.

Etter dette prøvde ASA seg med ei ny gruppe The Clan, der både Sverre Kjelsberg og Ottar Aasegg var med, men det einaste dei fekk ut av samarbeidet var å øve noen veker på ei hytte nord for Hamar og gjere éin spelejobb før gruppa vart oppløyst.

Tida etter 1-2-6 og Taboo endre

I 1968 dukka ASA opp som visesongar. Om ikkje «Fly lille fugl» vart nokon suksess, så gjekk det langt betre med oppfølgjaren «Rekkene» (1969). Songen vart flittig spelt på radio.

ASA kom med sitt første soloalbum Utopia i 1970, dette var eit konseptalbum om ein fantasifigur, kong Asa, og korleis han vart forvist frå jorda til staden som ikkje finst, Utopia. Til å binde saman songane skreiv han ein monolog i åtte deler som vert lest av Odd Grythe. Musikken vart framført i enkle arrangement med orgel som berande instrument. Mykje spelt frå denne plata var «Klovnen og de vise menn». Asa var populær i 19691970 og RCA gav ut samleplata August og våren, med innspelingar av 1-2-6, Taboo og solokarrieren til Asa. Den siste plata hans for RCA vart Mosaikk. Denne plata inneheld ein song der han best viste takksemd til inspiratoren sin Bob Dylan; «Bobby, You’re Not Allowed To Die». Mykje av teksten var sydd saman av strofer og titlar hentar frå songane til Dylan. Arve Sigvaldsen var produsent på alle utgjevingane til Asa på RCA.

Tidleg på 70-talet drog Krogtoft til Trondheim, der han tok høgskuleutdanning i elektronikk og lydteknikk. Han spelte samstundes i forskjellige grupper, deriblant Cimarron, som han laga ei plate saman med, og i 1975 kom soloplata Brocade. Denne viste ein meir innfløkt artist, med tekster som bar preg av interessa til Asa for surrealisme. Produsent var Ola Johansen, medan Pete Knutsen var den berande bjelken i backingbandet. Asa flytta til Oslo i 1976. Her vart han lydtekniker i Talent Studio, der han jobba som produsent og låtskrivar for mange artistar, mellom anna Lillian Askeland. Asa fekk òg jobben som vokalist i Popol Ace etter Jahn Teigen, og lagde albumet Curly Sounds med dei i 1977. I Talent Studio vart han òg kjend med Lars Børke, som han danna duoen Lasa med. Dei lagde to plater saman før Krogtoft flytta tilbake til Bodø i 1980. Den første soloplata hans vart laga i heimbyen fekk den treffande tittelen Snu pulken. Tittelkuttet var eit kraftig oppgjer med hovudstaden.[1]

Tilbaketrekkinga frå musikken endre

I 1983 trekte Asa seg tilbake frå musikken og tok seg jobb i Televerket. I 19901991 tok han seg likevel tid til å vere delaktig i ei gjenforeining av 1-2-6. Bandet spelte inn fem låtar, mellom anna ei nyinnspeling av «Graveyard Paradise» med undertittelen «Edens kirkegård». Den nye versjonen var ein kombinasjon av både norsk og engelsk tekst. Denne vart gjeve ut som singel i 1990. Baksida var «Våren –65», der ASA fortalte om att historia om dei fire unggutane frå Bodø som satsa alt for musikken. Fire av dei fem innspelingane som det nye 1-2-6 gjorde i 1990, vart funne gode nok for samlealbumet One Two Six, som vart gjeve ut i 1995. Denne vart gjeve ut i høve 30-årsjubileet for starten på 1-2-6. Forutan det einaste albumet deira, Curtains Falling, inneheld CDen singlane til gruppa, fleire spor som ikkje var gjeve ut før og fire låtar av Taboo.

ASA tok opp tråden igjen som singer/songwriter i 2007 og gav ut EPen TerraPi under pseudonymet «asanova.no».[2] I januar 2008 spelte han saman med Taboo i Bodø, Fauske og Mo i Rana med eit repertoar som bestod av både gamle og nye låtar signert såvel Willy Andersen som Asa sjølv. Året etter gjekk gruppa i Hønsehuset Lydstudio i Bodø og spelte inn 11 låtar, mellom anna «Antarctica». CDen fekk namnet Reborn og kom ut 29. januar 2010.

Diskografi endre

Soloalbum endre

Solosinglar endre

  • Kvinne i sort/Da var hun atter like blek (Whiter shade of pale) (1967)
  • Fly lille fugl/Kjære Mona Lisa (1968)
  • Rekkene/Den gamle manns tale (1969)
  • Atter like blek (Whiter shade of pale) (1969)
  • Klovnen og de vise menn/Norsk gudevise (1970)
  • Den tredje verdensfred/Kvartal 33 (1970)
  • Vakre Vera/Lunch (1971)

LASA endre

Album
Singlar
  • Mary Had a Little Lamb/Morning Sun (1977)
  • Signorina (1978)
  • Let's Do It/Summer Song (1979)

1-2-6 endre

Album
Singlar
  • Veto/Little You (1967)
  • Who's Been Sleeping in My Bed'/I'm Jokin' (1967)
  • Graveyard Paradise/Wake Up Johnny (1967)
  • Graveyard Paradise/We're Too Young (1967)
  • Curtains Falling/We're Too Young (1967)
  • Elisabeth/Today (1967)
  • 126/I'm Poisoned (1968)
  • Edens kirkegård/Våren 65 (1990)
  • Graveyard Paradise (1995)

Taboo endre

Album
Singlar
  • Queen of Spades/Fonebone Street (1968)
  • Vampire Tango/You're My Friend (1968)

Andre deltakingar endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 arkivkopi, arkivert frå originalen 19. oktober 2010, henta 9. august 2013 
  2. arkivkopi (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 9. oktober 2008, henta 9. august 2013 

Bakgrunnsstoff endre