Nasjonal kommunikasjonsmyndighet

(Omdirigert frå Post- og teletilsynet)

Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom, fram til 1. januar 2015 PT: Post og Teletilsynet ) er eit frittståande forvaltingsorgan under Samferdselsdepartementet. Nkom er ansvarleg for å regulera og overvake post- og telekommunikasjon i Noreg. Etaten er sjølvfinansierande, gjennom å krevja inn ymse gebyr.

Nasjonal kommunikasjonsmyndighet


ForkortingNkom
TypeDirektorat
VirkefeltNoreg
Skipa1987
Org.nummer974446871
HovudkontorLillesand
Lokale leddBergen, Lillehammer, Lødingen, Ski, Trondheim
UndergrupperKommunal- og moderniseringsdepartementet
Tilsette176[1]
Nettsidehttp://nkom.no

Nkom vart stifta i 1987, under namnet Statens teleforvaltning, då den norske telekommunikasjonsmarknaden vart opna for konkurranse. Nkom har seinare fått fleire ansvarsområde, etter som liberaliseringa av marknaden har auka. I 1997 fekk etaten ansvaret for regulering av posttenester og bytta namn til Post og Teletilsynet. Etter vedtak i Stortinget vart Nkom frå og med 2007 plassert i Lillesand kommune og i 2015 fekk det namnet Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom).[2]

Kjelder

endre
  1. https://www.nkom.no/om-nkom/organisering-og-leiing.
  2. «PT skifter navn». Nasjonal kommunikasjonsmyndighet. 10. september 2014. Henta 8. mars 2015. 

Bakgrunnsstoff

endre