Praktrosella

art av papegøyefuglar

Praktrosella, Platycercus eximius, er er ein rosella som er stadeigen for det søraustre australske kontinentet medrekna Tasmania. Rosellaer er ei biologisk slekt i parakittfamilien. Arten er introdusert til New Zealand der ville populasjonar er funne på Nordøya,[1] særleg i den nordlege halvdelen av øya og i Hutt Valley, i tillegg finst han i åsane rundt DunedinSørøya.[2][3]

Praktrosella
Praktrosella Foto: JJ Harrison
Praktrosella
Foto: JJ Harrison
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Papegøyefuglar Psittaciformes
Familie: Papegøyefamilien Psittacidae
Slekt: Platycercus
Art: Praktrosella P. eximius
Vitskapleg namn
Platycercus eximius

Praktrosella er 30 centimeter lang. Han har eit raud hovudet og kvite kinn. Nebbet er kvitt og irisen er brun. Øvre delen av brystet er raudt og nedre del er gult som falmar til bleik grøn over buken. Fjørene på rygg og skuldra er svarte med gullege eller grønlege kantar som gjev opphav til ein skjelaktig utsjånad, men er varierande mellom underartar og kjønna. Vengene og ytre halefjører er blålege medan halen er mørk grøn. Beina er grå. Hoa er lik den hannfuglen, skjønt mattare i farger og har ei stripe på undervengen som ikkje er tilstades hos vaksne hannar. Ungfuglar er mindre iaugefallande enn hoene og har stripa på undervengen.[4]

Praktrosella

Kjelder

endre
  • Simpson, K and Day, N,. Field Guide to the Birds of Australia (Simpson & Day) 7th edition, 2004 ISBN 0-670-04180-7
  • Forshaw, Joseph M. & Cooper, William T. (1978): Parrots of the World (2nd ed). Landsdowne Editions, Melbourne Australia ISBN 0-7018-0690-7

Referansar

endre
  1. Falla RA, Sibson RB & Turbot EG (1966) A Field guide to the birds of New Zealand. Collins, London (ISBN 0-00-212022-4)
  2. Te Ara: The encyclopedia of New Zealand online
  3. Notornis (Ornithological Society of New Zealand journal), 2002 (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 17. oktober 2008, henta 17. oktober 2008 
  4. Forshaw (2006). plate 56.

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Praktrosella