Puffin Island
Puffin Island (Oileán na gCánóg på irsk) er ei øy med bratte klipper utanfor kysten av halvøya Iveragh i County Kerry i Irland. Øya er om lag 1,5 km lang og 0,7 km brei og har ei høgd på 159 meter. Ho er skild frå fastlandet ved Puffinsundet, som er om lag 250 meter breitt. Mange viktige sjøfuglar hekkar på Puffin Island, inkludert lundefugl (puffin på engelsk), havlire og havsvale, og øya vart av den grunn eit naturreservat tidleg i 1980-åra.
Puffin Island Lokalt namn Oileán na gCánóg | |
---|---|
Puffin Island med Skelligøyane i bakgrunnen | |
Geografi | |
Stad | Atlanterhavet |
Koordinatar | 51°50′N 10°25′W / 51.833°N 10.417°W |
Øygruppe | Skelligøyane
|
Høgaste punkt | Puffin Island (159 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Republikken Irland |
Grevskap | Kerry
|
Demografi | |
Folketal | 0
|
Øya er i dag ikkje busett, men har teikn etter busetnadar frå gamal tid.
Kjelde
endre- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Puffin Island frå Engelsk Wikipedia .