Panjab i India

(Omdirigert frå Punjab i India)

Panjab[a] (persisk for 'fem elver'), også skrive Punjab, er ein delstat i India. Han utgjer minstedelen av det historiske området Panjab, og grensar til Panjab i Pakistan i vest, Jammu og Kashmir i nord, Himachal Pradesh i nordaust, Haryana i sør og Rajasthan i sørvest. Chandigarh, som er eit føderalt territorium, er hovudstad i Panjab og nabostaten Haryana.

Panjab • Punjab
delstat
Symbol
Forkorting: IN-PB
Land  India
Del av Det nordindiske låglandet, Nord-India, Panjab
Hovudstad Chandigarh
Største by Ludhiana
Areal 50 362 km²
Folketal 27 743 338 (2011)[1]
Grunnlagd 1. november 1956
Språk panjabi
Kart
Panjab i India
30°46′00″N 75°28′00″E / 30.766666666667°N 75.466666666667°E / 30.766666666667; 75.466666666667
Wikimedia Commons: Punjab, India

Sikhisme er i dag den største religionen i indisk Panjab. Her ligg byen Amritsar med Det gylne tempelet, sikhane sin heilagaste stad.

Pressing av sukkerrøyrsaft ved ein traktor under høgtida vaisakhi.

Geografi

endre

Størstedelen av Panjab er sletteland, med eit fjellmassiv i nord. Trass i lite nedbør er Panjab eit rikt jordbruksområde grunna kunstig vatning frå det store elvesystemet som dekker landet. Landbruket er rimeleg industrialisert og matvarehandel mogleggjort av gode vegar mellom landsbyar. Delstaten er kjend som «Indias kornkammer», og produserer 20 % av kveite, 14 % av bomull og 9 % av all ris dyrka i India. I tillegg blir det dyrka mykje frukt, grønsaker og sopp.

Historie

endre

Delstaten utgjer den austre delen av landskapet Panjab. Dette var sameint som Sikhriket frå 1799 til 1849. Området kom under britisk styre då Det britiske austindiakompaniet annekterte Panjab i 1849.

Britisk India fekk sjølvstende i 1947 blei Panjab delt i ein hovudsakleg muslimsk og ein hovudsakleg sikhistisk og hinduisk del. Fleire fyrstestatar, med Patiala som den største, blei føyde til den nye delstaten. Dei blei skilde ut som Patiala and East Punjab States Union (PEPSU) i 1950, før dei fleste igjen blei del av Panjab i 1956. Nokre av dei, og distriktet Kangra, gjekk til Himachal Pradesh. Den indiske delstaten blei delt igjen i 1966, då den hinditalande delstaten Haryana blei skild ut.

På 1970-talet var Panjab prega av Den grøne revolusjonen, som gav betre økonomi, men også av aukande politisk uro. Mange sikhar meinte seg dårleg behandla av Kongresspartiet, og ein forlangte større sjølvstyre. Nokre grupper kravde også ein sjølvstendig stat for sikhar, «Khalistan». Konflikten toppa seg med at miltiante sikhar forskansa seg i Det gylne tempelet i 1984 og blei nedkjempa av den indiske hæren med store tap av menneskeliv. Eit tiår med vald i Panjab følgde. På 1990-talet hadde sjølvstendeforkjemparane mista mykje støtte i folket. Panjab har også hatt mykje uro mellom ulike samfunnsgrupper, som jatar og dalitar, og mellom innfødde panjabarar og innvandrarar frå dei fattigare delstatane Bihar og Uttar Pradesh.

Merknader

endre
  1. engelsk Punjab, hindi पंजाब, panjabi ਪੰਜਾਬ

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Panjab i India
  Denne geografiartikkelen som har med India å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.