Putian (kinesisk skrift 莆田, pinyin Pútián) er eit byprefektur i provinsen Fujian i Folkerepublikken Kina, ved Austkinahavet. Byprefekturet har eit areal på 3 928 km², folketalet vart berekna til 2,86 millionar i 2009.

Putian (gul) i Fujian

Byprefekturet Putian omfattar tre distrikt (区 ) og eittfylke (县 xiàn).

Næring endre

Byen er særleg kjend for sin skoproduksjon. Andre viktige næringar omfattar brygging, elektronikk, klede, frukt, grønsaker og maskiner, elektriske varer. Putian har vorte ein eksportbase for sko og for andre Fujian-produserte varer.

Samferdsle endre

Riksveg 324 i Kina fører gjennom området. Han går frå Fuzhou i provinsen Fujian og gjennom Guangdong, Guangxi, Guizhou, og endar i Kunming i Yunnan.

Kjelder endre