Pygmespissmus

pattedyrart
(Omdirigert frå Pygméspissmus)
Pygmespissmus
Pygmespissmus
Pygmespissmus
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Pygmespissmus
Utbreiinga av Pygmespissmus
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Eulipotyphla
Familie: Spissmus Soricidae
Underfamilie: Crocidurinae
Slekt: Suncus
Art: Pygmespissmus S. etruscus
Vitskapleg namn
Suncus etruscus

Pygmespissmus (Suncus etruscus) er ein art i spissmusfamilien. Pygmespissmusa er rekna som verdas minste pattedyr etter masse. I snitt veg ho berre 1,8 g.[1]

Skildring endre

Pygmespissmusa har raudleg gråbrun pelsfarge på oversida og er bleikgrå på undersida. Hovudet er relativt stort og har prominente utståande øyre, medan snuten er lang, fleksibel og har mange følsomme vêrhår. Om vinteren blir pelsen tettare, og om kroppstemperaturen går under 12 °C kan arten hibernera midlertidig.

Spissmusa måler normalt 30–52 mm utan hale, som i seg sjølv gjerne måler 24–32 mm. Vekta utgjer cirka 1,3–2,5 g (i snitt 1,8 g). Til samanlikning veg det minste pattedyret i Noreg, dvergspissmusa (Sorex minutus), omtrent det dobbelte (2–6 g, i snitt cirka 4 g).

Arten har svært høgt stoffskifte og må eta det dobbelte av si eiga vekt kvart døgn. Hjartet slår 25 slag i sekundet (1 511 slag i minuttet).[1] I praksis må pygmespissmusa fanga og ete 20–30 insekt eller liknande dagleg.

Som andre spissmus lever arten stort sett åleine, men i paringstida kan hoa og hannen leva saman gjennom drektigheitstida på cirka 27–28 dagar og medan ungane er avhengige (i cirka 3–4 veker). Storleiken på kullet er normalt 2–6 ungar. I fangenskap kan pygmespissmus leva i opp mot 2 år, men vilt sørger gjerne ugler for at dyra ikkje blir gamle nok til å døy ein naturleg død. Pygmespissmusa er elles utsett for predasjon frå kattar, øgler, slangar, fugler og ei rekkje andre dyr.

Leveområde endre

Arten finst stort sett mellom 10° og 40°N på tvers av Eurasia. Dette omfattar det sørlege Europa (frå sør i Portugal, Spania og Frankrike) og nordlege Afrika, Vesleasia og Midtausten og videre austover gjennom delar av sørlege Asia, sør for Himalaya (inkludert Malaysia). Det finst også nokre koloniar av pygmespissmus i Nigeria.

Inndeling endre

Inndelinga følgjer Menon (2014).[2]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Jürgens, K. D. (2002). Etruscan shrew muscle: the consequences of being small. Journal of Experimental Biology, 205(15), 2161-2166.
  2. Menon, Vivek (2014) Indian Mammals: A Field Guide. Hachette UK, 20. jun. 2014 - 528 sider. ISBN 978-9350097618