Pyrofanitt
Pyrofanitt er eit svart til djupraudt mineral med formel MnTiO3. Det dannar ein blandingsserie med ilmenitt, FeTiO3. Mineralet er relativt utbreitt i små mengder. I Noreg er det særleg kjent frå nefelinsyenittpegmatitt i området Langesundsfjorden–Larvik.
Pyrofanitt | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Oksydmineral | ||
Kjemisk formel | MnTiO3 | ||
Strunz-klassifisering | 4.CB.05 | ||
Dana-klassifisering | 4.3.5.3 | ||
Krystallsymmetri | Trigonal romboedrisk H-M-symbol: (3) Romgruppe: R3 | ||
Einingscelle | a = 5.13948(7) Å, c = 14.2829(4) Å; Z=6 | ||
Identifikasjon | |||
Farge | Djup blodraud til grønaktig svart | ||
Krystallform | Sjeldan som rosettar av heksagonal plater, typisk korna, skalforma | ||
Krystallsystem | Trigonal | ||
Kløyv | perfekt på {0221} | ||
Brot | Muslig | ||
Fastleik | Sprø | ||
Mohs hardleiksskala | 5–6 | ||
Glans | Undermetallisk | ||
Strekfarge | Okergul | ||
Transparens | Subgjennomskineleg til ugjennomsiktig | ||
Spesifikk vekt | 4.537 målt | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Einaksa (-) | ||
Brytingsindeks | nω = 2.481 nε = 2.210 | ||
Dobbeltbryting | δ = 0.271 | ||
Kjelder | [1][2][3] |
Det vart først skildra i 1890 frå ein førekomst i Harstigengruva i Filipstad i Värmland i Sverige.[2]
Kjelder
endre- Pyrofanitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/pyrofanitt.