Brukar:F.bendik/Pythagoreion

(Omdirigert frå Pythagoreion)
F.bendik/Pythagoreion
Innskriven ved UNESCOs Unknown sesjon i [[{{{år}}}]].
Referansenr. {{{nr}}}.
Kriterium:{{{KRITERIUM}}}
Sjå òg[[Verdsarv i {{{sone}}}#{{{land}}}|Verdsarvstader i {{{sone}}}]]
BakgrunnsstoffF.bendik/Pythagoreion ved unesco.org

|bilete=SamosAntiqueFortificationWalls.jpg

Pythagoreion

Pythagoreion er eit arkeologisk stad ved den antikke byen Samos på den greske øya Samos, som ligg aust i Egeerhavet, nær kysten av Anatolia. Staden er i området til den moderne byen Pythagoreio, som den har fått sit moderne namn. Den arkeologiske staden inneheld antikke greske og romerske monument. Det er òg ein berømt tunnel frå antikken, Eupalinos’ tunnel eller den eupalinianske akvedukt. Saman med tempelet Heraion på Samos er Pythagoreion lista av UNESCO som ein del av verdsarven i 1992.[1]

Historie endre

 
Levningene av Heraion.

Pythagoreion er ein forskansa havneby i antikken, liggjande på eit område ved nordaustkysten av øya som er definert av fjella rundt. Heraion, eit tempel for gudinnen Hera, står rundt seks km frå byen, men var uløselig knytt til den. Dei eldste funna går attende til neolittisk tid, i steinalderen frå rundt 4000-talet f.Kr., men sjølve busetjinga byrja på 900-talet f.Kr. då jonere frå det greske fastlandet slo seg ned. På 500-talet f.Kr. hadde Samos vorte betydeleg sjøfartsmakt i det austlege Middelhavet med nære handelssamband med Anatolia og det greske fastlandet, og sterk nok til å oppretta handelskoloniar på kysten av Jonia, i Trakia, og vest i Middelhavet.

For å frakta vatn til byen vart det grave ein tunnel som er 1 063 meter lang på 500-talet f.Kr. Eupalinos’ tunnel er den andre kjende tunnelen i historia som vart grave frå begge ender og den første med ei metodisk tilnærming for å klara det.[2] På gresk kalla for αμφίστομον, amfistomon, «ha to opningar». Den andre var Hiskias tunnel i Jerusalem. Føremålet med tunnelen var at den skulle fungera som ein akvedukt.[3] Ingeniøren bak tunnelen var Eupalinos frå Megara. Det er kjent ved at Herodotos omtalte den og oppgav Eupalinos som dens arkitekt.[4] Sidan akvedukten var underjordisk var den ikkje lett å oppdaga av fiendar og skaffa byen ferskvatn sjølv under ei kringsetjing.

Heraion, det store tempelet for Hera, har sin opphav i eit tidlegare tempel på 700-talet f.Kr. då det var eit av dei første greske templa som var hundre føter i lengda, Hekatompedon, ἑκατόμπεδος, frå ἑκατόν, «hundre» og πούς, «føter». Det vil seia ca 30 m. Det er ukjent om dette tempelet var omgjeven av ein peristyl av søylar, men det var nyskapande ved å vera det første tempelet som hadde ei dobbel rad med søylar i fronten. Dette tempelet vart erstatta av eit nytt, eit av dei første enorme joniske templa, men som berre stod i tiår før det vart øydelagt av eit jordskjelv. Etter detta vart eit nytt tempel bygd i tidsrommet 535-522 f.Kr. med den største golvflata for noko kjent gresk tempel, bygd omtrent 40 meter lenger vest. Dens storstilte struktur målte 55,16 gange 108,63 meter og omgjeven av en peristyl med 155 søyler, eit av dei eldste med den nye jonisk søyleorden, rundt 20 meter høge.

 
Marmorreliff ved Pythagorion.

Byen var smykka med framragende statuar, noko som gjorde Samos til ein av dei store skulptursentera i den joniske verda. Ofringar frå heile den antikke verda vart gjeven til Heras helligdom. Byen heldt fram å vera ein viktig handelsby sjølv inn i hellenistisk og romersk tid.

Arkeologi endre

Dei første utgravninger i mindre skala vart utførd av lega og botanikeren Joseph Pitton dei Tournefort i 1702. På 1700- og 1800-talet var den fleire reisande som vitja helligdommen og gjorde teikningar av levninger av tempelet. I 1879 oppdaga Paul Girard ein kvinnestatue, som vart kalla for «Hera av Cheramyes» som vart frakta til Paris og har sidan 1884 vore i Louvre.[5][6] Den vert òg kalla, meir riktig som «Hera av Samos».[7]

I 1902-1903 vart staden undersøkt på nytt av Det arkeologiske samfunn i Athen. Tyske arkeologar på vegne av Königliche Museen i Berlin heldt fram undersøkingane i 1910, men arbeidet vart avbroten i 1914 av den første verdskrigen. Systematiske undersøkingar vart byrja i 1925 av Det tyske arkeologiske institutt i Athen, men vart avbrote i 1939 av den andre verdskrigen. Det vart gjenopptatt i 1951 og enno sidan då.

Denne artikkel bygger på nb:Pythagoreion 30. oktober 2018 på bokmålsutgåven av Wikipedia

Eksterne lenkjer endre

  • [1]Pytageron på UNESCO World Heritage List

(ein) Kategori:Pythagoreion and Heraion of Samos – bilete, video eller lydar på

  Commons har multimedium som gjeld: F.bendik/Pythagoreion


Referansar endre

  1. «Pythagoreion and Heraion of Samos», UNESCO
  2. «Pythagoreion and Heraion of Samos», World Heritage Site
  3. Angelakis, Andreas Nikolaos; xMays, Andreas Nikolaos; Koutsoyiannis, Demetris (2012): Evolution of Water Supply Through the Millennia.
  4. Herodotos: Historier, 3,60
  5. «The Heraion and Pythagoreion of Samos», Odysseus 2012
  6. «Hera of Cheramyes», Museum of Classical Archaeology Databases, Universaity of Cambridge
  7. «Kore (so-called ’Hera of Samos’)»