Opna hovudmenyen

Qatif eller Al-Qatif (arabisk القطيف Al-Qaṭīf) er eit guvernement og byområde i Austprovinsen i Saudi-Arabia. Det strekkjer seg frå Ras Tanura og Jubail i nord til Dammam i sør og frå Persiabukta i aust til King Fahd internasjonale lufthamn i vest. Regionen har sin eigen kommune og omfattar sentrum av Qatif og fleire andre mindre byar.

Qatif
القطيف
by
DammamFromTheISS.jpg
Land Flag of Saudi Arabia.svg Saudi-Arabia
Provins Austprovinsen (Ash Sharqiyah)
Koordinatar 26°33′22″N 49°59′46″E
Hovudstad Al-Qatif
Folketal 524 182 (2010) [1]
Guvernør Saud bin Nayef
Tidssone +3 GMT
Saudi Arabia location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Qatif

Qatif er ein av dei eldste busetnadane i Aust-Arabia og har ei historie som går attende til 3500 fvt. Før det vart oppdaga olje her, brukte innbyggjarane i Qatif å livnære seg som kjøpmenn, bønder og fiskarar. I nyare år, etter at det vart oppdaga olje og Jubail industriby vart oppretta, har dei fleste innbyggjarane arbedd innan oljeindustrien, offentlege tenester, utdanning og helsesektoren.

Etymologi og historieEndra

Qatif fungerte i fleire hundreår som den viktigaste handelshamna i Persiabukta. Namnet Qatif tyder noko slikt som «grøde» eller «korn», og syner at området var eit viktig jordbruksområde.

Dei første arkeologiske funna etter busetnader i den historiske oasen er frå kring 3500 fvt. Han har hatt forskjellige namn som Al-Khatt (arabisk الخَطّ), og er nemnt i dikta til `Antara ibn Shaddad, Tarafa ibn Al-`Abd, Bashar ibn Burd (i det kjende Ba'yya) og andre. Ordet «Khatty» vart ofte nytta om «spyd» i tradisjonelle dikt fram til moderne tid, visstnok fordi regionen var kjend for spydmaking. Det eldre namnet har overlevd i fleire kjende, lokale familienamn (Al-Khatti).[treng kjelde] Fram til osmanarane tok over makta på 1700-talet, høyrte Qatif til den historiske regionen kjend som provinsen Bahrain (eller «Bahrân»), i lag med Al-Hasa og dagens Bahrain.

I 899 erobra qarmatarar regionen med oasane i Qatif og Al-Hasa. Dei erklærte seg sjølv sjølvstendige og regjerte frå al-Mu'miniya nær moderne Hofuf fram til 1071.[2] Buyidane vest i Persia plyndra Qatif i 988. Frå 1071 til 1253 styrteujunidane regionen, først frå byen «al-Hasa» (føregjengaren til dagens Hofuf) og seinare frå Qatif. I 1253 kom usfuridane til makta frå Al-Hasa og regjerte under striden Qay hadde med Hormuz for å få kontroll over kysten. På denne tida vart truleg Qatif hovudhamna for dei indre områda og vart viktigare enn 'Uqair som kjøpstad for vart slik hovudstaden til usfuridane.[2] Ibn Battuta vitja Qatif i 1331 og skildra ein stor og velståande by busett av arabarar som han skildra som «ekstremistiske sjiamuslimar».[3] I 1440 tok jabridane over Al-Hasa-oasen. I 1515 erobra portugisarane Hormuz, plyndra Qatif i 1520 og tok livet av Jabrid-herskaren Muqrin ibn Zamil.[2] Portugisarane invaderte øya Bahrain og vart verande der dei neste åtti åra. Herskaren i Basra strekte makta si til Qatif i 1524, men i 1549 tok til slutt osmanarane over heile regionen, og bygde festningar i Qatif[4] og 'Uqair, men dei klarte ikkje å drive bort portugisarane frå øya Bahrain.[2] I 1680 tok Al Humayd frå Banu Khalid den no svake garnisonen med osmanarar i Hofuf. I eit slag ved Ghuraymil, sør for Qatif, mista Banu Khalid styret sitt til «Den første saudiarabiske staten», som nettopp hadde oppstått, i 1790. I 1818 vart den saudiske staten øydelagd i den osmansk-saudiarabiske krigen og kommandanten for dei hovudsakleg egyptiske soldatane, Ibrahim Pasja, tok kontroll over Hofuf, men evakuerte byen året etter og vendte attende til vestkysten. Humaydane tok kontroll over område fram til Banu Khalid omsider vart slått i 1830 av «Den andre saudiarabiske staten», som no tok kontroll over heile regionen. Osmanarane kom seg inn att i 1871 og vart først driven bort i 1913, då Ibn Saud oppretta det saudiarabiske styret i Austprovinsen.[treng kjelde]

OpprørEndra

Opprør i 1979Endra

Kring 60 000 sjiamuslimar (estimat frå 1969) budde i oasebyen Qatif, som ligg kring 60 km frå det største saudiarabiske oljeraffineriet og eksportterminalen Ras Tanura. Sjiamuslimane har delteke i alle streikar og andre politiske demonstrasjonar som har funne stad i kongedømet. Den viktigaste av desse var streiken i 1979, då det saudiarabiske forsvaret vart henta inn. Sjiamuslimane i Saudi-Arabia var særs mottakeleg for Khomeini og demonstrerte mot den saudiarabiske kongefamilien fordi dei meinte at islam og eit arveleg kongedøme ikkje går i hop. Då amerikanske jetfly landa på flybasen Dhahran, organiserte innbyggjarane i Qatif ein stor demonstrasjon. Den 11. november 1979 ropte demonstrantane slagord mot kongefamilien og amerikanarane. Den saudiarabsike staten svarte med å innføre portforbod i alle byane i Atif-området, sperra av område med stridsvogner og armerte køyretøy. Eit blodig oppgjer mellom væpna styrkar og sjiamuslimane fortsette fram til 30. november 1979, der tusenvis vart arresterte, hundrevis vart skadde og 24 drepne.[5][6]

Demonstrasjonar i 2011Endra

Den 10. mars 2011, i kjølvatnet av den arabiske våren og dagen før «raseridagen» i Saudi-Arabia, deltok mange sjiamuslimar i ein demonstrasjon i sentrum av byen for politiske reformer i kongedømet og for å frigje fangar som hadde sete fengsla i 16 år utan å ha blitt skulda for noko. Staten erklærte demonstrasjonane ulovlege og hadde tidlegare åtvara mot demonstrasjonar. Politiet opna eld mot demonstrantane, skadde tre og det var rapportar om distraksjonsgranatar, medan mange fleire vart skadde då politiet slo dei med batongar.[7][8] Fleire demonostrasjonar fann stad i Qatif gjennom 2011.[9] Meir enn seks personar vart rapporterte drepne av dei statlege styrkane sidan november 2011. Staten prøvde å skjule rapportane, men sosiale nettverk var med å på syne korleis staten brukte makt mot demonstrantane.[10]

Demonstrasjonar i 2012Endra

Aktivistar i Qatif tok til gatene i mars 2011 og kravde at fleire politiske fangar skulle settast fri.[11] Tidleg i januar 2012 gav Riyadh ordre om å arresterte 23 menneske ansvarleg for uro i Austprovinsen.[12]

Aktivistane rapporterte at sju demonstrantar vart drepne frå november 2011 til 10. februar 2012 i Qatif.[13]

Demonstrasjonen den 10. februar 2012 var visstnok organisert for å for å demonstrere mot drapet på demonstrantar som demonstrerte for reformer, ein slutt på sekterisk diskriminering og å sleppe fri politiske fangar. «Medan tryggleiksmenn følgde opp mot ulovlege møte i al Awamiya i Qatif på fredag, vart dei skotne på», sa ei melding frå politiet publisert av eit statleg nyhendebyrå, Saudi Press Agency (SPA). Zuhair al Said vart drepen den 10. februar 2012 då politiet opna eld for å spreie demonstrantane i byen al Awamiya i Qatif-regionen. Kring 500 menneske har blitt arresterte sidan mars 2011. Aktivistar har sagt at 80 personar framleis er i varetekt, inkludert Nazir al Majid og menneskerettsaktivisten Fadil al Munasif. ِI juli 2012 arresterte staten Nimr al-Nimr, ein sjiamuslimsk predikant som bad om demonstrasjonar mot staten. Arresten av eit slikt ikon i byen Qatif førte til at folk raskt demonstrerte same kvelden. Statlege snikskyttarar tok livet av to demonstrantar den kvelden, Sayed Akbar al-Shakori og Sayed Mohammed Alfelfel. Videoar av drapa vart lasta opp på stader som YouTube.com.[treng kjelde]

KlimaEndra

Qatif har eit kontinentalt klima med temperaturar opp mot 50 °C om sommaren og ei luftråme på 75 %. Om vinteren varierer temperaturane frå 2 til 18 °C. I mai og juni bles den varme vinden kalla albwarh i området. Resten av året fører den fuktige sønnavinden, eller alcos, fukt til området, men her er lite nedbør.

Byar og landsbyarEndra

KjelderEndra

  1. [1]
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 William Facey, The Story of the East Province of Saudi Arabia, 1994, ISBN 1-900988-18-6
  3. . Ibn Battuta, Rihla Ibn Battuta Beirut: Dar Sadir, 1964 s. 279-80
  4. Saudi Aramco World Vol.25 #5, sept/okt 1974
  5. Nehme, Michel G. (October 1994). «Saudi Arabia 1950-80: Between Nationalism and Religion». Middle Eastern Studies 30 (4): 930–943. doi:10.1080/00263209408701030. Henta 7. mars 2016. 
  6. Ana Echagüe; Edward Burke (June 2009). «‘Strong Foundations’? The Imperative for Reform in Saudi-Arabia» (PDF). FRIDE (Spanish Think-tank organization). s. 1–23. Henta 15. april 2012. 
  7. Saudi police open fire on protesters, RTHK, 11. mars 2011
  8. Saudi Arabia police open fire at protest in Qatif, BBC News, 10 Mar 2011
  9. «Saudi-Arabia: Renewed Protests Defy Ban». Human Rights Watch. 30. desember 2011. Arkivert frå originalen den 2012-01-06. Henta 7. januar 2012. 
  10. BBC arabisk http://www.youtube.com/watch?v=GRlA7npoJBo&feature=related.  Missing or empty |title= (hjelp)
  11. Saudi-Arabia 'day of rage' protest fizzles - Los Angeles Times
  12. Saudi forces clash with protesters in Qatif - Middle East - Al Jazeera English
  13. «New clashes in Saudi-Arabia leave 'protester' dead». BBC News. 18. desember 2015. 

BakgrunnsstoffEndra