Tarout eller Tārūt (arabisk جزيرة تاروت) er ei øy i Persiabukta som høyrer til Austprovinsen i Saudi-Arabia. Ho er knytt via to vegfyllingar til Qatif. Ho ligg seks kilometer frå kysten og er den lengste øya i Persiabukta etter Qeshmøya, og strekkjer seg frå Ra’s Tannurah i nord til Qatif i vest. Øya har eit areal på 70 kvadratkilometer og hadde eit folketal på 38 055 i 1992. Han består av byar og landsbyar, som sjølve Tārūt, Deyrah og Darīn.

Tarout
øy
Nordaust-Dammam, Saihat, Qatif, Taroutøya og Ras Tanura, sett frå Den internasjonale romstasjonen.
Land  Saudi-Arabia
Koordinatar 26°20′N 50°02′E / 26.34°N 50.04°E / 26.34; 50.04
Areal 70 km²
Folketal 38 055  (1992)
Folketettleik 544 / km²
Kart
Tarout
26°34′00″N 50°04′00″E / 26.566666666667°N 50.066666666667°E / 26.566666666667; 50.066666666667
Wikimedia Commons: Tarout Island

Namnesoge endre

Det gamle arabiske namnet på staden var visstnok 'Ishtarut (عشتروت). I den greske Geografia av Ptolemaios vert ho kalla Tharrō (θαρρώ). På eit kart i Geografia publisert på latinsk i 1578 står ho oppført som Tharro. I mellomalderen vart øya ofte kalla Dairin eller Daryn, etter ein av byane.[1] Darīn er namnet på ei av hamnene på øya, og det er gjort forsøk i moderne tid på å døype øya om til Darīn.[2] Darinavtalen vart signert på øya i 1915 mellom Ibn Saud og Storbritannia.[3]

Arkeologi endre

Arkeologiske funn indikerer at øya har vore busett sidan 5000 fvt. og var seinare heimstad for folk frå sivilisasjonen Dilmun, akkadiarar, assyrarar og persarar. Seinare var ho okkupert av Persarriket, det islamske riket, portugisarane og seinare Det osmanske riket.

I 1959 oppdaga ein mann som reingjorde gata ein stein med ein sabeisk inskripsjon på seg. Den mest kjende lekamen som er funnen på Tārūt vart grave fram av danske arkeologar i 1968. Dei fann potteskar daterte attende til 4500 fvt. og andre frå 3000 fvt. Då kommunen Qatīf ønskte å byggje ei vegfylling til Tārūt i 1962 tok dei sand frå ein ås kalla Tell Rafī’ah, og fann lekamar frå steinalderen, inkludert keramikk og ein statue. Den siste oppdaginga var i 1993 på Tell Rafī’ah.

Ein har funne fleire ilåt på Tārūt av steatitt, særleg frå Tell Rafī'ah. Utforminga er særs kunstnarisk med avbilding av kattar, nakne menn og motiv knytte til sjø og fiske.[4] Steatittkjelda låg sørvest i Persia, men sjølve utforminga verkar å vere lokal.[5]

Av dei gamle statuane ein har funne på Tārūt er ein av ein naken mann laga av ein mørk grå stein. Han vart funnen i 1950-åra av ein mann som pløydde marka si. Han er 94 cm høg og står på ein ærbødig måte med vide augo. Han er nesten heilt sikkert av sumerisk opphav, sjølv om han vart funnen kring 1000 km frå næraste byen i Sumer. Han er av særs høg kvalitet, men vart nesten øydelagd av overtruiske landsbybuarar, som trudde det hadde noko å gjere med andar (jinn), og skar han i to og hogde hovudet av han. Han er no restaurert og står i Nasjonalmuseet i Riyadh.[6]

Kjelder endre

  1. Royal Geographical Society (Great Britain) (1946). The Geographical journal. Royal Geographical Society. s. 107–108. Henta 4. februar 2012. 
  2. Mawqi' Jazīrat Tārūt på arabisk.
  3. Abdul-Razzak, S. (1997). International Boundaries of Saudi-Arabia. s. 32. ISBN 978-8172000004. 
  4. Michael Rice, op cit.
  5. Michael Rice. Op cit.
  6. Michael Rice: The Archaeology of the Arabian Gulf: C. 5000-323 BC. P. 221.

Bakgrunnsstoff endre