Qujing
Qujing (kinesisk skrift 曲靖, pinyin Qǔjìng) er eit byprefektur aust i provinsen Yunnan i det sørlege Kina, og som i aust grensar til provinsen Guizhou. Byprefekturet har eit areal på 29 855 km² og eit folketal på om lag 5,85 millionar.
Qujing | |||
byprefektur | |||
Land | Folkerepublikken Kina | ||
---|---|---|---|
Provins | Yunnan | ||
Areal | 28 936 km² | ||
Folketal | 5 765 775 (2020) | ||
Qujing 25°30′37″N 103°48′10″E / 25.51018°N 103.80287°E | |||
Plasseringa av Qujing i Yunnan
| |||
Wikimedia Commons: Qujing |
Geografi
endreByprefekturet Qujing omfattar eitt distrikt (区 qū), eitt byfylke (市 shì) og sju fylke (县 xiàn).
Næring
endreViktigaste industrigreinene i Qujing er elektrisk kraft, tobakk-, bil-, og prosessindustri.
Samferdsle
endreRiksveg 320 i Kina går gjennom området. Han tek til i Shanghai og leier sørvestover til grensa mellom provinsen Yunnan og Myanmar. Undervegs er vegen innom byar som Hangzhou, Nanchang, Guiyang, Kunming og Dali. Også riksveg 326 leier gjennom området. Han byrjar i Xiushan i Chongqing og går inn i provinsen Guizhou, før han endar i Hekou i Yunnan, ved grensa til Vietnam og den vietnamesiske byen Lao Cai.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Qujing» frå Wikipedia på engelsk, den 25. juni 2012.