Rafik Halliche

algerisk fotballspelar

Rafik Halliche, arabisk رفيق حليش (fødd 2. september 1986 i Alger) er ein algerisk fotballspelar som i 2010/11-sesongen spela for Fulham i engelsk Premie League, og for det algeriske landslaget.

Rafik Halliche
Algérie - Arménie - 20140531 - Rafik Halliche.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn رفيق حليش
Rafik Halliche
Fødd 2. september 1986
Fødestad Alger
Høgd 187 cm
Posisjon Midtstoppar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Fulham
Nummer 32
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2004-08
2008-10
2008-10
2010-
Algerie Hussein Dey
Portugal Benfica
Portugal Nacional (lån)
Flag of England.svg Fulham
44 (1)
0 (0)
33 (0)
0 (0)
Landslag
2008- Algerie Algerie 20 (1)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 23. august 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 23. august 2010

Halliche gjekk til den portugisiske klubben Benfica frå Alger-klubben Hussein Dey i januar 2008, og vart straks lånt ut til Madeira-klubben Nacional, der han 0var på utlån i to sesongar. Han debuterte for det algeriske landslaget i ein kamp mot Senegal 31. mai 2008, då han kom inn som innbytar for Antar Yahia. Han spelte i den avgjerande kvalifiseringskampen mot Egypt til fotball-VM i 2010. Han deltok òg i Afrikameisterskapen i 2010. Han skåra Algerie sitt einaste mål i sigeren mot Mali, men vart utvist i semifinalen mot Egypt etter å ha fått to gule kort i 1. omgang.