Ragnar Udjus

norsk politikar

Ragnar Udjus (fødd 10. oktober 1933) er ein norsk politikar og mediamann frå Landvik i Aust-Agder. Han representerte Senterpartiet og Vest-AgderStortinget frå 1973 til 1981.

Ragnar Udjus
Fødd10. oktober 1933 (90 år)
Landvik kommune
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar, redaktør, journalist
Alle verv

Udjus gjekk Birkeland folkehøgskole 1950-51, og tok befalskurs hos Luftforsvaret i Stavern i 1953. Deretter utdanna han seg 1955-57 til agronom ved Holt landbruksskole. Sidan arbeidde han 1958-60 som kontrollassistent i kommunane kring Grimstad. Frå 1960 til -63 var han formannsskapssekretær og likningsassistent i Landvik kommune. Etterpå var han 1965-68 redaktør i Agder Tidend perioden og 1967-72 tilsett ved NRK-kontoret i Kristiansand.

Frå 1959 var Undjus engasjert med partiarbeid for Senterpartiet, fylkessekretær i Agder til 1972. Hausten 1972 fekk han jobb som politisk sekretær i Miljøverndepartementet, ein posisjon han hadde til han eitt år seinare vart vald til stortingsrepresentant frå Vest-Agder. Stortingsperioden 1973-77 var han medlem i Sjøfarts- og fiskerikomiteen. Ved stortingsvalet 1977 stod han på fyrsteplassen på ei fellesliste for Senterpartiet og Det Liberale Folkepartiet. Han kom då innatt på Stortinget gjennom sistemandatet frå Vest-Agder. Dei neste fire åra var han medlem i Kommunal- og miljøvernkomiteen. Udjus var elles medlem i landsstyret til Senterpartiet i 1971-74.

Då han ikkje vart attvald i 1981, tok Udjus initiativ til radiostasjonen Radio Sør. Frå 1982 var han redaktør og leiar av nærradiostasjonen til 1991. Etter den tid arbeidde han som programskapar i lokalradio og TV Sør til år 2000. Udjus var 1984-89 leiar i Norsk Nærradioforbund.

Kjelder endre