Ragnhild Magerøy

Ragnhild Magerøy (9. juli 192016. november 2010)[1] var ein norsk forfattar fødd i Fræna.

Ragnhild Magerøy
Fødd 9. juli 1920
Tønsberg, Fræna
Død

16. november 2010 (90 år)
Tønsberg

Yrke skribent, lyrikar

Magerøy skriv hovudsakleg historiske tekstar med stoff frå den nordiske mellomalderen og myter frå denne tida. Ofte tek ho for seg mindre kjende historiske skikkelsar, som Gunnhild Gormsdotter (gift med Eirik Blodøks), Ingerid Ragnvaldsdotter (gift med Harald Gille) og sonen hennar, biskopen Nikolas Arneson. Magerøy bidrog til auka interesse for den historiske romanen på 1960- og 1970-talet.

Ragnhild Magerøy har brukt historisk kjeldemateriale som verka til P. A. Munch og har utført fleire reiser for å samla bakgrunn til verka sine, mellom anna til Israel, Isle of Man, Skottland og Irland.

Ragnhild Magerøy har vore gift to gonger, med Idar Olsen frå 1945 til 1962 og med Nachman Kahan frå 1968 til han døydde i 1984. Ho budde ei tid i Oslo, Gjøvik og seinare Bærum før ho busette seg i Tønsberg.

Magerøy vann Doblougprisen i 1975.

VerklisteEndra

SkjønnlitteraturEndra

  • Gunhild, 1957
  • Forbannet kvinne, 1958
  • Kjærligheten spør ikke, 1960
  • Lengsel, men ingen vinge, 1962
  • Dronning uten rike, 1966
  • Mens nornene spinner, 1969)
  • Himmelen er gul, 1970
  • Nikolas, 1972
  • Kvassere enn sverdet, 1974
  • Baglerbispen, 1976
  • Du, 1977
  • De som dro Sudr, 1979
  • Den lange vandringen, 1980
  • Jorsal, 1982
  • Miriams kilde (noveller) 1985
  • Risens hjerte og andre fortellinger (fortellingar) 1987
  • Den hvite steinen, 1995
  • Hallfrid, 1997
  • Blodig arv, 2008

SakprosaEndra

  • Spotlight på sagaen (essay) 1991
  • Vesterhavs (essay) 1999
  • Tusmørkefabler og sannferdige eventyr (essay) 2003

KjelderEndra

ReferansarEndra

  1. Dødsannonse Aftenposten 23. november 2012